![]() |
"Zamspill" med hundre musikantar

I helga er det storhappening i Fana Kulturhus. 100 korpsmusikantar spelar saman med The Brazz Brothers. Dette er ein unik sjanse for korpsmusikantane å få inspirasjon i musikkglede, trøkk og improvisasjon, og for publikum å høyre på.
Helga 4. - 6. november møtast fem korps frå Hordaland til felles Zamspel-seminar på Kirkevoll skole i Fana. Dei seks medlemmene i The Brazz Brothers er instruktørar.
“Zamspill” er eit samarbeidsprosjekt mellom Norges Musikkorps Forbund og The Brazz Brothers
Unik oppleving
Dette er ein unik sjanse for korpsmusikantane og dirigent/instruktør til å få god retteleiing frå ein reisande musikkinstitusjon, som dei sjølve tittelerer seg på nettsida si. Desse seks musikarane spreier musikkglede, trøkk og vil gje korpsmusikantane eit innblikk i kunsten å improvisere.
Øver via gehør
På “Zamspill” deltek både musikantar og dirigent/instruktør i samspelet. The Brazz Brothers øver inn repertoar via gehør og lager eit partitur/huskehefte med enkle arrangement som dirigenten kan bruke vidare i korpskvardagen. Målet er å få kvart av korpsa til å låte best mulig, og utnytte den besetninga korpset har på best mulig måte.
Øving og konsert
Fredag 4. november møtast korpsa til felles øving, laurdag øver korpsa i sine respektive korps med ein av medlemmene i The Brazz Bross som mentor.
Søndag 5. november kl.1700 er det stor konsert i Fana Kulturhus, med alle 100 musikantane på scena saman med fenomenet The Brazz Brothers.
Avsluttar kulturdagane
Dette er ein del av kulturdagane i Fana og The Brass Bross har æra av å avslutte dagane med ein eigen konsert kl.18.30.
Prosjektet er et samarbeid mellom Norges Musikkorps Forbund, Kulturkontoret i Fana og Ytrebygda og Kontaktutvalget for musikklivet i Fana og Ytrebygda.












