- Dette verkar kult!

Mari Sommer Hoel og Kristoffer Skogland er to av 12 deltakarar som samlast på Flesland i helga til Unge i Teten-samling. Begge gler seg veldig til å møte andre som vil lære meir om blant anna presentasjonsteknikk og organisasjonskultur.

Kristoffer Skogland (17) frå Haugesund, spelar trompet i både Hauge skolekorps og Haugesund Ungdomskorps. Han var på ungdomssamling og kurs då han fyrste gong høyrde om Unge i Teten. Samlinga og kurset vart leia av Unge i Teten-deltakarar.

Kult

- Eg undersøkte litt og fann ut at dette verka kult, seier Kristoffer. Blant anna gler han seg til å lære seg presentasjonsteknikk. Han sit i regionstyret for NMF Rogaland og trur dette kan styrke motet til å snakke høgt i forsamlingar, som for eksempel på landsmøtet.  

Nye utfordringar

Mari Sommer Hoel (17) er frå Trøndelag. Ho spelar kornett i Vikhammer og Saksvik Skolekorps.

- Etter å ha spelt i korps i 11 år hadde eg lyst å få nye utfordringar. Eg vil lære om korleis korps fungerer og få meir kunnskap om organisering av korps, seier Mari.

Tøffe tak

Ho gler seg til å møte alle deltakarane, bli kjent med dei og lære om argumentasjonsteknikk og presentasjonsteknikk. Ho trur ikkje dette blir berre enkelt.

- Eg forventar at det blir ein del utfordringar, men håpar det blir lærerikt. Så kan eg ta det med tilbake til korpset mitt og bruke det i korpskvardagen, seier ho.

Opplæringsarena

Unge i Teten-programmet har utvikla seg til å bli ein viktig opplæringsarena for unge tillitsvalde. Kristoffer gler seg til å sjå kva dette eigentleg er, spesielt korpsdrift og styrearbeid, seier han.

Han held for tida på med å lage eit juniorstyre i samarbeid med  alle dei tillitsvalde i skulekorpsa i Haugesund. I tillegg er han engasjert i ulike styreverv, både som tillitsvald og styremedlem. Han har med andre ord ein god arena å utøve det han lærer. 

- Ja, eg reknar med å få det formelle på plass no, seier han.

Tre samlingar

Fyrste samling er på Flesland 25. - 27. november. Neste samling er under Hell-konferansen i Trøndelag i andre halvdel av januar, medan den siste helgesamlinga er lagt til Stavanger siste helga i april, samstundes med NMF sitt landsmøte 2012.

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Kim Systad

Denne uken kan du se og høre Kim Systad på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering