![]() |
13 korps får pengar til ein Drømmekonsert

I alt 13 korps får pengar frå NMF og Norsk Tipping til å arrangere sin eigen Drømmekonsert i 2012. Heile 72 korps søkte om å få tildelt pengar av potten.
- Mange av søkjarane er også i år gjengarar. Det gir gode odds for dei som har søkt, seier prosjektleiar Birgit Berg-Olsen. Men ho meiner fleire bør få augene opp for at det er enkelt å søke.
I år søkte 72 korps om å få tildelt pengar til å arrangere ein drømmekonsert i løpet av 1. kvartal 2012. I potten ligger 132.000 kroner.
Fire gongar i året deler NMF og Norsk Tipping ut pengar til korps som arrangerer ein konsert i lokalmiljøet saman med andre kulturaktørar.
Alle korps som er medlemmer i NMF kan søke om å få tildelt pengar til ein Drømmekonsert. For dei siste tre månadene i år kan 19 korps gle seg over anten 8.000 kroner (skulekorps/genrasjonskorps/drillkorps) eller 12.000 kroner (vaksen-/amatørkorps) i støtte.
Desse har fått Drømmestipendpengar for 1.kvartal 2012:
* Meland Musikklag
* Høvik Janitsjarkorps
* Jeløy Musikkorps
* Kyrkjebø skule- og ungdomskorps
* Haus skulemusikklag
* Alta Musikkorps
* Sofiemyr Skolekorps
* Fikkan Skolekorps
* Strindheim Janitsjar
* Bergen Politiorkester
* Vestfossen jente- og guttekorps
* Sømna Hornmusikk
* Tromsø Brass











