![]() |
140 til Kragerøkonferansen
Til helga brakar det laust. Kragerøkonferansen er i anmarsj og heile 140 deltakarar møtest. Arrangøren er godt fornøgd.
Bilde: Vrådalskonferansen 2011
140 deltakarar har meldt seg på årets Kragerø-konferanse. (Tidlegare Vrådalskonferansen) Alle er hjarteleg velkomne til hyggeleg samkome og lærerik helg i skjergarden.
Konferansen startar laurdag kl.1030. Registrering kan skje frå kl.0930, men allereie i dag, fredag er det mulig å treffast for ein prat.
Korpsbygging
NMF’s korpsbyggar Per Einar Fon vil vere til stades og fortelje om satsinga på korps. Ein av rettleiarane i Hordaland, Viggo Bjørge kjem. Dessuten er NMFs Trond Korsgård og Torild Rosenvinge til stades.
Kurs
Borg Musikk er som vanleg på plass med stor instrumentutstilling og materialforvaltarkurs. Erlend V. Thorsen frå nasjonalt kontor i NMF kjem for å halde nettsidekurs og vil demonstrere NMF’s nye korpsdriftløysning.
Denne helga blir det også kurs for både dirigentar og tillitsvalde i skule og vaksenkorps.
Laurdag kveld
Over 30 musikantar har så langt meldt seg på for å vere med i "bølgeblikkbandet". Her er det framleis plass til fleire. Bandet skal ha framføring laurdag kveld. Husk å ta med instrument, oppfordrar arrangøren.
Kragerøkonferansen blir avslutta søndag med en minikonsert med juniorkorpset til Sannidal Skolemusikkorps/Kragerø Skolemusikkorps. Dei skal også vere praksiskorps for aspirant- og juniordirigentane på søndag.












