![]() |
33 timar med musikk i Trondheim
Det er få plassar du kan høyre så mykje musikk, på så kort tid, av landets beste janitsjarkorps, som i Trondheim til helga.
Det er klart for NM janitsjar i Trondheim 8. og 9. april 2011. 89 korps frå heile landet møtest til dyst i sju ulike divisjonar.
Frå fredag morgon til laurdag kveld står musikken og konkurransen i sentrum. Det blir framført musikk i heile 33 timar desse
to dagene, eller vel 1900 minutt! Dette er musikk som korpsa har øvd intenst på i lange tider, i håp om å nå høgt opp på resultatlistene.
Nytt i år er Lottodivisjonen, eit samarbeid mellom Norges Musikkorps Forbund og Norsk Tipping. Her er underhaldningsverdien
viktigast. Ti av korpsa er med her.
Konkurransen på laurdag og festkonserten med premieutdeling vert sendt direkte på korps.tv.
- Vi ønskjer at så mange som mogeleg skal få med seg NM-helga, også dei som ikkje reiser til Trondheim. Det vert heile 18
timar med direkte nett-tv, og i tillegg til korpsa som spelar i 1. divisjon og Elitedivisjonen, skal vi ha eit eige NM-studio
med gjestar, fortel kommunikasjonssjef Stig Ryland i Norges Musikkorps Forbund.
Fakta om NM janitsjar:
* NM janitsjar blir arrangert i Trondheim 8.- 9. april, og er eitt av det største kulturarrangementet i byen kvart år.
* Årets NM samlar nesten 4.500 deltakarar i 89 vaksenkorps frå heile landet. Det er ny deltakarrekord, og det blir konkurrert
i sju divisjoner.
* Norges Musikkorps Forbund er arrangør. Organisasjonen har 65.000 medlemmar, og er landets største frivillige kulturorganisasjon.
* NM janitsjar blir i år sendt direkte på korps.tv, der det blir 18 timar med musikk og spennande gjestar.
* I samarbeid med Norsk Tipping blir Lottodivisjonen arrangert for fyrste gong med ti deltakarkorps.
For meir informasjon:
Kommunikasjonssjef Stig Ryland - 970 33 249
Musikksjef Geir Ulseth - 982 82 377
Nettredaktør Olga Wergeland – 970 55 207












