![]() |
33 timar musikk i Trondheim

Det er få plassar du kan høyre så mykje musikk, på så kort tid, av landets beste janitsjarkorps, som i Trondheim til helga.
Det er klart for NM janitsjar i Trondheim 8. og 9. april 2011. 89 korps frå heile landet møtest til dyst i sju ulike divisjonar.
Janitsjarmusikk i sentrum
Frå fredag morgon til laurdag kveld står musikken og konkurransen i sentrum. Det blir framført musikk i heile 33 timar desse to dagene, eller vel 1900 minutt! Dette er musikk som korpsa har øvd intenst på i lange tider, i håp om å nå høgt opp på resultatlistene.
Lottodivisjon
Nytt i år er Lottodivisjonen, eit samarbeid mellom Norges Musikkorps Forbund og Norsk Tipping. Her er underhaldningsverdien viktigast. Ti av korpsa er med her.
Nett TV direkte
Konkurransen på laurdag og festkonserten med premieutdeling vert sendt direkte på korps.tv.
- Vi ønskjer at så mange som mogeleg skal få med seg NM-helga, også dei som ikkje reiser til Trondheim. Det vert heile 18
timar med direkte nett-tv, og i tillegg til korpsa som spelar i 1. divisjon og Elitedivisjonen, skal vi ha eit eige NM-studio
med gjestar, fortel kommunikasjonssjef Stig Ryland i Norges Musikkorps Forbund.












