![]() |
ABC om Marsjkongen

- Folk veit for lite om Marsjkongen, sa han.
- Korps over heile verda spelar marsjane hans, så då er det vel ikkje så nøye om folk ikkje veit noko om mannen bak, sa eg.
- Marsjane er ein ting. Men skal du forstå musikken, må du kjenne komponisten. Då må du vite kven Marsjkongen var.
Eg sat i eit godt lag. Eit litt for godt lag. Det var langt over leggetid, men kompisen min og eg sat oppe. Vi prata om musikk
og spelte plater. Plateomslag låg strødde på bordet og golvet, slik dei har for vane å gjere så seint på kvelden. Vi hadde
stort sett snakka om popmusikk, men no hadde samtalen dreia seg inn på korps og John Phillip Sousa.
Kompisen min har eit nært forhold til messing. Han elskar lukta av ventilolje, og snakkar ofte, oftare enn folk flest, varmt
om korpsrørsla. Særleg om dei fine jentene han forelska seg i då han var med i skulemusikken. Men denne kvelden var det John
Phillip Sousa, eller Marsjkongen som han kalla han, det handla om. Eg fekk eit imponerande føredrag.
- John Phillip Sousa blei født i november 1854.
- Gjekk fødselen bra?
- Det veit eg ikkje. Men då han døydde 77 år seinare, hadde han for evig plassert seg inn i musikkhistoria som ein av dei
store korpskomponistane. Og når han blir omtala som Marsjkongen eller The March King, så er det med god grunn. Mannen etterlet
seg over 130 marsjar. Tenk på det! Viss eit orkester marsjerer medan dei spelar seg gjennom alle marsjane hans, vil dei kome
to gonger kring jordkloden før dei er ferdige.
- Er det sant?, sa eg imponert.
No må vi hugse på at dette var seint på kvelden, og at eg er svak i rekning.
- Kanskje ikkje to gonger, men dei ville i alle fall kome eit godt stykke. Og blant marsjane finn du klassikarar som Stars
and Stripes Forever og The Liberty Bell. Sistnemnde blei berømt for eit større publikum 80 år etter at den var komponert,
då dei britiske humoristane i Monty Python´s Flying Circus nytta marsjen som kjenningsmelodi.
- Kvifor brukte dei den? Likar John Cleese korpsmusikk, spurte eg.
- Neppe. Pythongjengen hadde lite pengar i starten. Dei hadde ikkje råd til å bruke musikk dei måtte betale for, og sidan
The Liberty Bell var gamal, kunne dei bruke den gratis.
- Monty Python er bra, sa eg. Eg har ei plate med dei.
- Sousa var skeptisk til plater, eller det han sjølv kalla musikk på boks. Han frykta at gramofonen ville øydelegge musikkutviklinga,
og hevda faktisk at gramofonen ville påverke evolusjonen, slik at menneska etterkvart kunne miste stemmebanda.
- Jøss, sa eg.
- Så han nekta å dirigere orkesteret sitt når det blei gjort musikkopptak.
Eg var imponert over all kunnskapen kompisen min hadde om John Phillip Sousa, og forstod at dette var informasjon som korpsfolket
kunne ha glede av å kjenne til.
- Er det fleire ting korpsfolket der ute bør vite om Marsjkongen?, spurte eg.
- Ja. To sentrale ting. For det første har du osten?
- Osten?
- Marsjkongen elska ost. Han var verkeleg ein stor ostekjennar.
- Greitt å vite, sa eg. - Og det andre?
- Han dreiv med leirdueskyting, og var faktisk ein føregangsmann innan den sporten.
- Ja vel. Men då har vel folk det dei treng vite om Sousa, sa eg.
- Nja, eg kan nemne at han også prøvd seg som forfattar. Han skreiv nokre bøker. Men dei er vel ikkje noko å skryte av.
- Så dei treng vi ikkje lese?
- Strengt tatt held det vel med musikken hans. Og viss du no får denne informasjonen eg har gitt deg om Marsjkongen ut til
Det norske korpsfolket, skal du sjå at Sousa-tolkingane deira blir langt betre i tida framover. Berre vent å sjå.
- Eg ventar i spaning, sa eg.
Finn











