Antonsen til Hell-konferansen

Trompeter Ole Edvard Antonsen er ein av tre solistar som held konsert under HellSymposiene i januar. Han deltek saman med solistane Are Hembre og Åshild Mundal.

Det er Halsen Musikkforening i Stjørdal som har invitert til nyttårskonsert i samband med HellSymposiene i Trøndelag. Dei held festkonsert for konferansedeltakarane før middag. Men konserten er også open for andre.

Are Hemre er for tida busett i Hegra i Stjørdal og har hausta gode kritikkar for den varme tenor-stemma, og opplever stor suksess trass i hans unge alder. (19)

Åshild Mundal er opphaveleg frå Luster i Sogn og Fjordane, men bur no i Trondheim. Ho har hausta svært gode meldingar for debutplata si "Fritt Fall." Musikkmeldar i NRK P1, Finn-Ulrik Berntsen, meiner Åshild er eit friskt pust i norsk pop.

I tillegg til desse to kjem altså ein av verdas fremste trompet-solistar, Ole Edvard Antonsen. For tida er han også dirigent for Norsk Blåseorkester, ensemble for unge talentfulle musikarar på eit høgt nivå. NBO fungerer også som NMFs representasjonskorps ved viktige hendingar.

Dirigent for Halsen Musikkforening som arrangerer nyttårskonsert på Hell, er Thomas Rimul og Espen Andersen.

Det brukar å vere fullt hus på konserten, det vil seie omlag 700 publikumarar.

Festkonserten/nyttårskonserten skjer på Rica Hell Hotell, 21. januar 2012 kl. 1800. 

Les meir om HellSymposiene her.....

 

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Kim Systad

Denne uken kan du se og høre Kim Systad på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering