Avvist på GRÅTT (papir) KURS

Sylvelin, eit spennande namn. Kan ein mann i "grå alder" ha slike kjensler...

Ola la inn betaling for kursavgifta via nettbanken. Lista over deltakarar låg på bordet attmed. Kornetten og Arban likeså. På lista var det eit navn som blinka seg ut. Sylvelin. Spannande. Korleis ser ho ut? Kva spelar ho? Rogneværstranda, kvar er no det? Gul markør var ikkje nødvendg å bruke, navnet lyste mot han likevel.

Helsikes administratorar som ikkje kan sende alle opplysingar om deltakarane. I allefall dei som verkar mest spennande...

Vel ein månad seinare sat Ola i bilen saman med dei andre frå korpset. Vi vart mange i år. Tre damer og han. To klarinettistar og ein slagverkar. Samtalane i bilen og på fergene vart noko fjerne. Ikkje smaka svelene frå fergekiosken noko særleg heller. Dette navnet, Sylvelin.... hm. 

Noko seinare på dagen skulle dei møtast.

Lille Napoli i krysset mellom rånegata og gågata i Ørsta. Dei sat der allereide dei fleste kjende. Berre eit nytt ansikt. Med skjegg og utan tatta.

Verken mat eller drikka smaka. Merkeleg at ein mann i grå alder skal ha slike kjensler. Kor var ho? Kom ho ikkje? Han torde ikkje spørje etter henne. Ikkje vart ho nevt heller. Dei hine rundt borda var irriterande blide og lite interresert i - Sylvelin.

«Romplanen som heng i gangen....». Den må han sjå på. Søren og. Henner rom i første og han i 3dje. At skjebna kan vere so stygg. Eller kanskje det er ein meining med det? Ho er kanskje i eit forhold og so har dette laga seg slik? Ho er i allefall framleis ikkje å sjå.

Spaninga var til å ta og føle på under presentasjonen. «Der står min draum so lenge. Spelar tenor. Held han i armane sine på den mest sensuelle måten eg har sett. Eg vil byte plass.»

Sylvelin -, ikkje frå Rogneværstranda men innflytt. Ikkje «lys og fager». Mørkt, nesten svart og krølla hår stikk litt fram under hovudplagget. Snakkar dårleg norsk og engelsk. Stille og beskjeden. Ikkje livat og hæla i taket. Nei, nei. Akkurat det har ikkje noko å sei.

Men ho er likevel so fjern og uoppnåeleg allereide no. Høgt utdanna. Gjer ikkje noko det heller. Administrator. Flott. Seier ikkje noko om sivil stand. Det er framleis eit håp. Me får sjå i pausen.

Etter eit par framstøyt i den første og alle dei andre pausane fekk Ola den ganske så klare beskjeden.

«Dette er ein stad der me spelar i lag! Ligg unna andre utanomkroppslige innfall. Kom deg heimatt og dyrk interesessene dine på det grå markedet der.» 

Det balla seg her og – ikkje berre på bowlingen.

Vel, vel, tenkjer Ola i bilen heimatt. Det er kurs att neste år. 

Me ha no lært nokre nye melodiar og so var det kjekke folk der i år også.

(Personar ein måtte kjenne att har ingenting med verkelegheita å gjere, og det er ikkje sjølvopplevd!)

 

 

 

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Kim Systad

Denne uken kan du se og høre Kim Systad på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering