![]() |
Billettsalet til Brassfest opna

No er det mulig å skaffe seg billett til konserten med Norges nasjonale brassband og Venezuelan Brass Ensemble under Festspillene i Bergen.
Venezuelan Brass Ensemble fra El Sistema er kjent for å få publikum på beina. På denne konserten møter dei Norges nasjonale brassband. Saman skal dei lage Brassfest i Grieghallen.
Vanskar med å sitte stille
Venezuelan Brass Ensemble kombinerer gjerne det klassiske repertoaret med verk frå Sør-Amerika, og det svinger ofte sånn at publikum har vanskar med å sitte stille.
Ei ære og kunstnerisk spennande
- For Norges nasjonale brassband er det ei ære og kunstarisk spennande å få møte det sagnomsuste brassbandet frå Venezuela. El Sistema er eit førebilete for alle som jobbar med musikkopplæring for born og unge, seier nasjonal produsent Berit Handegard i Norges Musikkorps Forbund.
Høgt verdsett
Venezuelan Brass Ensemble har vore med på både BBC Proms og Festspillene i Salzburg. Dei blir møtt med lovord og fulle hus over heile verda.
Det blir både fargerikt og spenstig når Norges fremste musikktalenter møter like store talenter fra Venezuela. Så her er det berre å skaffe seg billett fyrst som sist.
Konserten går av stabelen i Grieghallen søndag 27. mai.
For billiettbestilling kan du gå inn her.












