![]() |
Bles i musikken

Er du ein av dei som ikkje er med i musikklaget primært for musikken sin del, er du ikkje åleine.
Det er ingen grunn til å føle skam, sjølv om du ikkje først og fremst spelar i korpset for å ta marsjen eit steg vidare. Du
er ikkje åleine. Mørketala er store. Dei vikarierande motiva er mange og varierte. Det er ikkje musikken, men alt den fører
med seg som lokkar.
Eg kan no presentere resultata frå ei større undersøking eg har gjort blant korpsfolket. Undersøkinga inkluderer alt frå aspirantar
til folk som for lengst har latt hornet støva ned i kjellaren.
Før nokon går forskinga mi nærare etter i saumane, vil eg skunde meg å innrømme at dette er ei undersøking med enkelte manglar,
både når det gjeld kvalitet og kvantitet. Skal eg vera heilt ærleg, er det vel rettare å seie at eg berre spurte nokre venner
og kjende om kvifor dei spelar/spelte i korps.
Resultata er likevel interessante.
Spørsmålet var altså: Kva fekk deg til å spele i korps? Kvifor er/var du med i skulemusikken/musikklaget?
Her er nokre av svara eg fekk:
Eg vart pressa med. Mor mi var kasserar i musikklaget.
Eit par stykke syns det var kjekt å marsjere.
Ein ville eigentleg slutte i korpset, men blei verande sidan han fekk sitja attmed den finaste jenta. Han slutta noko seinare,
då den fine jenta blei kjærast med han tosken på trombone.
Ein hevda at han hadde blitt verande i korpset fordi han likte lukta av ventilolje. Eg tvilar på at det er heilt sant, særleg
sidan han i si tid spelte - eller rettare sagt skamslo - skarptromme.
Ei jente syns det er kjekt å vera saman med gutar i uniform!
Ein var så dårleg i fotball at han rett og slett måtte bli trompetist.
Ei blei med fordi alle dei eldre veninnene alt var med i korpset.
Og mange brukar nettopp "det sosiale" som forklaring på kvifor korpset er den perfekte staden å vere. Mange blir nostalgiske
og fjerne i blikket når dei får fortelje om tidlegare korpsturar. Dei mest nostalgiske er dei som har slutta i korpset. Dei
kan lukka augo og drøyme seg tilbake til koselege timar i buss på veg til eit skulemusikkstemne ein eller annan stad i Rogaland,
ein eller annan gong midt på åttitalet. Desse klarar ikkje å nemne namnet på ein einaste marsj dei spelte den gongen, men
dei hugsar mykje anna. Smugdrikkinga. Namnet på jenta dei flørta med. Kor dei gøymde tipakningen med Prince Mild som dei fekk
kjøpt på kiosken, sjølv om dei berre var tretten-fjorten år. Dei hugsar dei søvnlause nettene i campinghytta, dei strenge
foreldra og dei dårlege vitsane til dirigenten.
Overraskande nok var det ingen av dei eg spurte, som hadde musikk som hovudgrunn for å spele i korps. Ingen sa at dei dreiv
med musikk for musikken sin del. Ingen! Dette seier vel mest om omgangskrinsen min, men det viser vel også at det er ein annan
faktor som lokkar. Det som dreg folk inn i den magiske korpsrørsla er mest av alt "det sosiale".
Det er altså ikkje musikken, men alt den fører med seg som er poenget.
Er dette eit problem? Nei. Dette er vakkert. For det første kan det jo hende at ingen nemnte kjærleiken for musikken som drivkraft,
sidan det seier seg sjølv. Og viss no musikken ikkje er så viktig, kan vel dei vikarierande motiva vera minst like gode som
andre.
Det blir som med dei to sunnfjordingane som budde langt oppe i ein dal. Ein laurdagskveld ville den eine karen at dei skulle
gå den lange turen ned til bygda, for å få prøve å finne seg kvinfolk. Og kameraten blei med, sjølv om han ikkje hadde så
stor tru på at dei skulle lukkast.
- Det blir ingenting på oss, men vi får no turen.
Finn












