Bli betre - få det betre

Med overskrifta "Bli betre - få det betre" er tanken å bygge stein på stein i korpset, med to rettleiarar som følgjer tett opp. Det er viktig med fokus på musikalsk utvikling i korpset.

Korps som skal vere med i dette to-års prosjektet, skal vurderast nøye før det blir sett igang. Det er viktig at korpset treng nettopp denne form for oppfølging. Behovet må vere der og motivasjonen må vere på plass.  

Viktige pilarar

Viktige element i ein slik "korpsutviklingspakke" er visjon, houvudmål, plan for musikalsk utvikling, ei korpshandbok, årshjul og årsplan.

Oppfølging

Planen her er at dirigenten får rettleiing av ein mentor, både i forhold til musikalsk utvikling og repertoar-rettleiing.

Trappetrinn-modell

Det er viktig at korpset gjennomfører utviklingsarbeidet i rett rekkefølgje og det er difor lage ei trapp som skal følgjast.

Trinn 1: Visjon - langsiktig avklaring. Jobbe med visjonen, visualisere, korleis organisere prosessen, finne sjela/kjernen i korpset.
Trinn 2: Kartlegge korpset - rett mann på rett plass, skape samhandling og relasjonar.
Trinn 3: Finne retninga - utforme korpset sine verdiar og kjenneteikn, konsekvensar, lage plan og retningslinjer. Her er det viktig å involvere medlemmene og informere.
Trinn 4: Ta konsekvensen - følgje opp, øve på verdiane og lage rutinar.
Trinn 5: Forholde seg til musikalsk plan og koprshandboka dagleg. Evaluere og revidere, lage rutinar på mål og marknadsføre korpset. Infomrasjon, vidareutvikle og revidere mål. Og når dette er gjort, sette seg nye langsiktige mål.

Ulikt amibisjonsnivå

Det er viktig å merke seg at tida for å gjennomføre dei enkelte trinna, vil variere alt etter kva ambisjonsnivå korpset er på.

NMF skal støtte i prosessen gjennom rettleiing, tilby rettleiarar, støtte dirigent og bidra med informasjon. I tillegg kan NMF gje oversikt og tilbod om kurs/utdanning.

Alt saman er gratis for korpset.

Omfanget på dette er to til seks korps for kvar region, kvart år. Vil du vite meir kan du gå lese meir på Bli betre - få det betre.

Les også:
Å bygge korpset
Ikkje gje blaffen - bry deg

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Kim Systad

Denne uken kan du se og høre Kim Systad på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering