Datoar for skulekorpsmeisterskapane er bestemt

Regionstyret i NMF Nordvest behandla i helga aktivitetsplanen for 2011 og 2012.

Det vart på regiontinget i vår vedteke at det skal arrangerast eigne konkurransar for skulekorps i begge fylka i regionen. Det var såleis viktig å ta seg tid til å drøfte følgjene av dette vedtaket skikkeleg for å komme opp med ein god plan for aktivitetane på våren. Skulekorpskonkurransen i Møre og Romsdal vert lagt til laurdag 3. mars, og konkurransen i Sogn og Fjordane til laurdag 10. mars

Regionstyret har og gjort følgjande vedtak angåande drill på skulekorpskonkurransane, som det ønskjer å gjere kjent for korpsa i regionen:

“1.1. Regionstyret i NMF Nordvest viser til regiontingets vedtak i sak 7 den 8. mai 2011 om konkurransestruktur.
1.2. Med bakgrunn i praktiske omsyn og ikkje minst dei økonomiske realitetane for regionen, finn styret det naudsynt å gjennomføre drillkonkurransane slik at det kvart år blir drillkonkurranse i Sogn og Fjordane samordna med skulekorpskonkurransen. I tilleg blir det årlege konkurransetilbodet for drill i Møre og Romsdal Midtnorsk Mesterskap på Averøy. Korps som ønskjer å delta på eit felles arrangement for musikk og drill kan delta i Sogn og Fjordane.

1.3. Alle korps kan delta i begge konkurransar uavhengig av heimfylke.”

 

Det er no svært viktig for NMF Nordvest å få fastlagt teknisk arrangør for desse to konkurransane, og vi ber korps som er interesserte i å ta på seg eit av dei om å kontakte dagleg leiar Lars Alver Krum så snart som mogleg, på epost larsa@musikkorps.no eller telefon 920 84 508.

Heile aktivitetsplanen finn du her

 

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Kim Systad

Denne uken kan du se og høre Kim Systad på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering