![]() |
Den store skjelven

Eg vil snakke litt om nervøsitet denne gongen. Nervøsiteten. Nervane. Sceneskrekken. Kall det kva du vil. Kjært barn har plenty med namn. Og kjenneteikna er mange.
Du skal spele konsert saman med korpset. Det susar forventningsfullt frå den fulle salen i samfunnshuset. Du står bak sceneteppet og fiklar med instrumentet ditt. Du har fått tildelt ein solo som du no heilt har gløymt. Og kor la du notane dine? Det er like før du skal inn på scena. Du skjelv i knea. Sveittar i hendene. Det pip i øyrene. Du er trøytt og kvalm. Du ler unaturleg høgt av dei slappe vitsane til han på stortromma. No står du her. Du og nervøsiteten din.
Det er mange som kjenner att denne kjensla. Det er ei mager trøyst, men du ikkje er den første og einaste som har opplevd korleis sceneskrekken herjar med deg.
Nervøsiteten kan vere skjerpande. Den kan få deg til å yte det beste, og spele langt finare enn når du sit heime og øver åleine. Nervøsiteten kan få deg og instrumentet ditt til å forstå at det er no det gjeld. Det er no du må vere på topp.
Men nervøsiteten kan også vere nådelaus. Nervøsiteten kan få deg til å puste som ein sjuk hamster, og spele som ei halvdau rotte. Du ser ikkje dirigenten og høyrer ikkje kva du sjølv spelar. Du skjønnar berre at dette er alt anna enn vakkert. Du høyrer berre lyden av bankinga i dei varme øyrene dine og knirkinga frå den døde komponisten som snur seg i grava over måten du handsamar musikken hans på.
Kva skal du så gjere? Finst det råd mot denne fæle sceneskrekken? Ja, her kjem nokre, både dårlege og bra.
1. Godt førebudd.
Ver godt førebudd. Vit at du kan spele det som står på programmet. Vit at dette har du gjort mange gonger før. Dette er eit godt, men keisamt tips. Dessutan hjelp det fint lite når du står der og veit med deg sjølv at du slett ikkje har fått førebudd deg godt nok.
2. Alkohol.
Finst det dei som tyr til alkohol for å roe nervene? Dei som snik seg inn på badet, og som luktar Old Spice og mintpastiller etterpå? Ja.
Hjelp dette på scenenervane? Tru kan flytte fjell. Og alkohol kan jo få den gråaste og mest tannlause til å kjenne seg høg og mørk. Så eg kan ikkje svare nei. Men er det tilrådleg å kaste seg over flaska? Nei, på ingen måte. Musikkhistoria er diverre full av døme på at dette ikkje er det luraste. Kombinasjonen marsjering og brunt brennevin er heller ikkje ideell. Difor hoppar vi til neste tips.
3. Rutinar.
Enkelte har faste rutinar. Ting dei må gjere før dei går på scena. Dette kan vere alt frå korleis dei tek på seg skoa, knyter slipset, til korleis dei pakkar opp instrumentet. Her er det kreativiteten som set grenser. For utanforståande finst det ikkje nødvendigvis logikk i desse rituala, heller tvert imot. Men så lenge det gir ro og kjensle av meistring til den som har rituala, er dette det viktigaste. Det handlar om å gjere om att det dei gjorde sist, for då gjekk det bra. Tipset kan fungere, men ver forsiktig. Du er raskt over i tvangstankane her.
Visste du at Rolf Wesenlund alltid gjekk med raude sokkar då han var på scena eller på tv? Det er heilt sant. Han måtte ha raude sokkar. Utan raude sokkar hadde det ikkje gått. Vel, truleg ville det gått heilt fint. Men Wesenlund tok ikkje sjansen. Han tok på dei raude sokkane.
4. Den nakne sanninga
Ein skodespelar gav meg ein gong dette rådet: ”Sjå for deg at folka i salen er nakne! Då kjenner du deg straks overlegen og nervane vil forsvinne.” Dette tipset har eg prøvd ut med vekslande hell. Visst kan det vere til hjelp, men det kan som du sikkert forstår også vere forstyrrande. Eg prøvde det ut på ein aldersheim ein gong. Aldri meir.
5. Ufarleggjering.
Det femte og siste tipset mitt mot nervøsitet, er det eg trur mest på. Ufarleggjer situasjonen. Det gjeld ikkje liv og død. Det er ikkje farleg. Visst kan du kome til å spele feil, men kva så? Med mindre du spelar trompetsolo saman med den nordkoreanske garden, er det heilt ufarleg. Du overlever.
Det einaste du risikerer å gjere ved å gå ut på scena, er faktisk å glede folk. Du gir dei musikk. Det er ikkje farleg. Det er flott. Og det er verdt nokre skjelvande kne og sveitte handflater.












