Det grøne heftet

Framtida er grøn. Dei næraste vekene er i det minste grøne. For det nærmar seg jul, og då er det på tide å henta fram det grøne heftet.

Slik var det i alle fall då eg spelte i korps. Då var det melodiane i det vesle grøne heftet som skulle spelast i adventstida og i jula. Og då dirigenten kom med dei grøne hefta i ein kasse og delte ut, visste vi at no var ventetida over. No var det alvorleg kort tid igjen til jul. Heldigvis. Og alle skulekorpshjerta fryda seg.

I det grøne heftet stod dei alle saman; "Glade jul", "Deilig er jorden", "Du grønne, glitrande.." og alle dei andre fine songane som sikra julestemninga.

Vi øvde og visste at no skulle vi bli synlege att. No skulle vi ut og spele for folket att. Dei sakna oss sikkert, for no var det lenge sidan vi hadde vist oss fram. I mai-dagane var vi mykje ute og spelte og marsjerte. Vi var på korpstur og ute blant folk med jamne mellomrom, men så blei det stille. Heile hausten heldt vi oss for oss sjølve. Vi sat inne og øvde medan haustkveldane blei lengre og mørkare. No før jul skulle vi endeleg ut att og spele for folket. No skulle vi syne oss fram.

Vi spelte frå det grøne heftet. Det var stas, men det var kaldt. For no stod vi og fraus i den same uniforma vi hadde sveitta i, gjennom heile våren og sommaren.

Nokon høgt oppe i korpsrørsla burde eigentleg ta ekstrem sjølvkritikk på dette området. For når eg tenkjer etter, var det ikkje heilt logisk dette.

Gjennom våren og sommaren, då sola varma, måtte vi alltid marsjere når vi spelte marsjane våre. Vi sveitta rundt i takt. Svima rundt saman med John Phillip Sousa.

I adventstida då hornet var iskaldt og rimen la seg på uniformsbuksa, då det verkeleg var grunn til å marsjere og halde seg i rørsle for ikkje å fryse, då måtte vi stå bom stille. Elles så sat vi ute i kulden. Vi marsjerte i alle fall ikkje. Nei, vi sat eller stod der i kulden, gjerne med ei raud nisselue, og tenkte at visst er Jorden deilig, men kanskje litt i kjølegaste eller våtaste laget. For om det ikkje var minusgrader pleidde det å regne.

Men no merkar eg at eg, for eit utrena auga, nesten kan verke negativ. Det var ikkje meininga. For gleda og samhaldet i korpset var aldri større enn i desember. Det var beint fram kjekt å spele for folk før jul.

Det var på torg, der publikum nett måtte stoppe og høyre litt "Glade jul", før dei sprang vidare frå butikk til butikk. Det var ved ein gamleheim, der dei gamle strålte opp då vi kom. Dei klappa før vi byrja å spele, og etterpå tørka dei tårer, utan at vi heilt kunne forstå kvifor. Vi hadde då ikkje spelt så vakkert, heller. Men så lenge dei gamle var nøgde og kom med drops og sjokolade, brukte vi ikkje så mykje tid på å tenkje noko meir over det.

Vi drakk varm sjokolade og åt mandariner. Vi trampa med beina for å få att varmen i føtene medan vi langa innpå med peparkaker og kakemenn.

Det var i kyrkja, der det var masse folk. Det var det ikkje alltid resten av året, men i jula då vi spelte var det mykje folk. Kombinasjonen av juleevangeliet og skulemusikken var ein sikker vinnar. Stolte stod vi der framme attmed døypefonten og beit oss i tunga om vi spelte feil, så vi ikkje skulle banna.

Det var på juletrefesten, der heile bygda var samla. Foreldre, besteforeldre og småsysken. Utflytta søner av bygda som var heime på juleferie. Alle var der i salen. Drakk kaffi og åt firkanta sjokoladekakebitar til to kroner stykket. Venta på neste omgang med trekning i basaren. Den kom snart. Men først skulle det skje noko på scena. Og der på scena sat vi. Med det grøne heftet framfor oss.

Finn

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Kim Systad

Denne uken kan du se og høre Kim Systad på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering