Dirigenten

Tra la la la! Det er vår. Det ligg kanskje enno snø der du bur, men no er det vår. Slik er det berre.

Og når våren kjem vaknar alt til liv. Sevja stig og skogen blir grøn, russen får raude dressar, fuglane kvitrar, blomane knoppar og korpsa trekker ut frå øvingslokala. Vi får fargar og liv og alt blir lysare, men kor blir det av dirigenten?

Eg tenkte snakka litt om dirigenten no. Dirigenten - den tause slitaren i alle korps. Vel, så veldig slit er det nok ikkje å vifte med armane i takt, og heilt taus er ikkje dirigenten alltid heller, det veit alle som har fått kjeft for å ha skamfare marsjane til Sousa, men likevel. Det har alltid vore stille kring dirigenten. Sjølv om jobben er viktig har ikkje dirigenten vist så mykje att. Dette har endra seg i det siste. Det har vore eit godt år. Endeleg har dirigenten fått litt merksemd.

Eg tenkjer på tv-serien "Orps" og spelefilmen "Orps -the movie". Her får både messingen, musikantane og ikkje minst dirigenten mykje merksemd.

Det var på høg tid at det kom ein film frå korpsmiljøet. Korpshistoria er full av gode soger. Det er musikk, konfliktar og kjærleik, så her er det mykje å ta av. Og Orps er spennande. Ikkje minst på grunn av verdas mest skremmande korpsdirigent, Elsebeth Bull. Heldigvis er dette ein type dirigent dei færraste har møtt, i alle fall håpar eg det, men Elsebeth Bull gjer seg godt på skjermen. Så om ikkje dirigentar kring i landet bør satse på å adoptere leiarstilen hennar, kan dei no slå seg stolte på dirigentbrystet, for endeleg spelar dirigenten hovudrolla. Slik er det ikkje alltid.

Eg har tidlegare vore innom mi eiga korpskarriere. Den var ikkje så imponerande. B-kornetten og eg hadde ikkje så mykje å snakka om, så det blei ei lukkeleg skilsmisse. Men dei åra eg var med i skulemusikken hadde vi også dirigent. Det høyrer no liksom med.

Det tok ei stund før eg oppdaga dirigenten. Vi sat der på rekke og rad på dei harde trestolane med stålbein, og hadde meir enn nok med å fylgje med på notane på det blanke notestativet framfor oss.

Vel, no er det å overdrive å hevde at eg ikkje såg dirigenten. Han var ikkje så vanskeleg å få auge på. Eg såg veldig godt at han stod der og vifta med Bic-pennen. Og det var faktisk ganske forstyrrande. Det er vanskeleg nok å spele etter notar om ein ikkje i tillegg skal ha nokon som står og viftar i tome lufta bakom.

Dirigenten var grei å ha nett i starten, for å kome i gang med marsjen samtidig med dei andre, og delvis på slutten, for å vite når vi skulle gi oss. Elles var han rett og slett eit uromoment.

Men etterkvart oppdaga eg at dirigenten ikkje berre var til pynt. Han hadde faktisk noko for seg, og det hjelpte på spelinga å sjå på han innimellom. Dirigenten kan samanliknast med speglane i ein bil. Du klarar deg utan dei og kjem deg fram, men det glir betre og blir tryggare om du ser i dei av og til.

Men i motsetnad til speglane i ein bil, forsvann dirigenten når vi kom oss ut i trafikken. For kva skjedde då våren kom og vi skulle ut og marsjere? Jo, då var dirigenten vekke. Kor blei han av? Han var i alle fall ikkje framfor oss, slik vi hadde vendt oss til. Nei, der var det folk som hadde nok med å bere faner og flagg.

Eg følte meg snytt. Her hadde eg brukt fleire månader på å finne grunn til å sjå på dirigenten, og når eg endeleg hadde funne det, forsvann han. Kor blei han av?

No, mange år etter at eg slutta i skulemusikken, har eg enno eit spørsmål eg aldri har funne svaret på: Kva driv dirigenten på med når korpset marsjerer? Køyrer han langt der framme på mopeden sin med Bic-pennen i brystlomma og jublar fordi våren endeleg er komen? Eg trur det.

Finn

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Kim Systad

Denne uken kan du se og høre Kim Systad på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering