Drillarar møtest til konkurranse

243 drillarar frå heile landet inntek Campus Arena i Horten denne helga. Her blir det estetikk på høgt nivå. Mange brukar Skjærgårdsdrill som oppkøyring til NM og VM.

Foto: Atle Ommundsen

Det er duka for to spennande dagar i Horten. Laurdag og søndag er det Skjærgårdsdrill i den nye idrettshallen på Bakkenteigen. Her møtest 243 drillarar frå heile 26 korps rundt om i landet. Deltakarane er frå 9 til 22 år. Her kan publikum oppleve drilling av både solo, duo og i tropp.

Flott estetikk

Det blir konkurrert i kategoriane drilldans, twirling og majorettes. Alle framføringane vil vere prega av ein gjennomtenkt estetikk, der tekniske kunnskapar, musikkval, kostyme og koreografi er med å danne heilskapen.

Kjekt for publikum

I klassa Solo 1 Baton er tre utøvarar ute på golvet på same tid, på eit lite område. Dette blir kjekt for publikum å sjå på, og gir en effektiv konkurranseavvikling, seier Ingrid Yerlikaya, nasjonal drillkonsulent i NMF.

Landets beste

I år er det høgt nivå på mange av deltakarane. Her samlast landets beste drillarar, seier dagleg leiar i NMF Sør, Torild Rosenvinge. Konkurransen blir brukt av mange som ei slags generalprøve før oppkøyring til NM i Larvik i juni. Enkelte av deltakarane er og tatt ut til å representere Norge i VM i Twirling i Sveits i april.

 

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Aina Helgeland Davidsen

Denne uken kan du se og høre Aina Helgeland Davidsen på nett-tv.

Les merFlere talenter
Idium Portalserveridium webpublisering