EG - ein Marsjochist

I vinterferieveka har eg hatt mange gode stunder på hytta mi. Tankar kjem og går når ein får lov å vere aleine. Eg har mellom anna reflektert litt over kva som er passande musikk for korpsa som er godt forankra i eit lokalsamfunn langt frå storbyen.

For oss er ikkje bestillingsverk, kontemporær /spesialkomponert musikk det rette.

Ein solid marsj, eit sokalla masseprodusert poparrange- eller eit flexarrangement og det slaget er det rette for oss.

For meg er ein marsj korpsmusikken sit svar på rocken. Det er berre å sjå på kroppspråket til unge musikantar og publikum når ein marsj vert spelt. Då lyser dei mykje meir enn eit verk av Grieg, Mozart eller andre kjende komponistar.

Ungar og ungdommar som trøkker til fordi det er moro å spele er mykje kjekkare å oppleve enn eit korps som prøver seg på litt meir utilgjengeleg musikk med vekslande hell.

For mange år sidan då vi streva med å bygge oppatt korpset vårt, skulle vi delta på den tradisjonelle julekonserten. Korpset var i den situasjon at vi måtte samarbeide med korpset i nabobygda for i det heile å ha besetning. Eit par dagar før konserten vart det sett inn eit korps til på speleplanen; eit elitekorps som var på vitjing i distriktet. Dette korpset stilte med eit program som ”vi med litt peiling” tykte var fint. Det var godt spela og hadde eit klangbilete vi i det lokale korpset berre kunne drøyme om.

Vi framførde våre enkle arrangement av julesalmar og populær julemusikk med langt frå same suverenitet som ”dei flinke”.

I etter kant av konserten vart vi nærast nedrende av vårt kjære faste publikum (det er som regel dei same som kjem kvart år) som lurde på kva i all verda dessa proffane hadde her å gjere. Dei ville ikkje høyre slik musikk. Dei påstod til og med at dei likte oss mykje betre .

Slike attendemeldingar tek eg alvorleg. Dei påvirkar meg i valet av kva repertoar vi skal spele når vi opptrer. Kritikarane av dette synet seier at vi har eit ansvar også å oppdra vårt publikum. Kan godt vere det. Men dersom vi skal ta på oss den jobben i tillegg til alt anna vi drive med, vil det krevje ein annan type musikk. Det vil igjen stille krav om heimeøving til musikkarane våre. Enkelte vil like det, medan andre heilt sikkert vil hoppe av og slutte i korpset. Det igjen fører til at vi ikkje vert speledykige som igjen leier til at korpset vert lagt ned. Ikkje akkurat eit godt bidrag til NMF sitt mål om auka medlemstal. Lokalsamfunnet vil også bli litt fattigare. Ei slik endring i driftfilosofi vil berre tene dei ”flinke”.

Nei gi meg ein fengande marsj, enkel, velklingande med tung/tung betoning og som toler mange forteparti.

Da er det trygt og godt å vere MARSJOCHIST. Dei flinke forståsegpåarane får heller få lov til å drive med sitt.

Ha nokre fine dagar framover. Vonar snøen fyk avgarde slik at marsjetreninga kan starte. Det er marsjcho det.

Oddgeir.

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Kim Systad

Denne uken kan du se og høre Kim Systad på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering