Eg er ikkje klok

Eg trur eg snart må gi meg som spaltist i ambis. Les kvifor.


Det er noko eg må ta opp. Det er ikkje lett, men det pressar seg på og no kan eg ikkje halde det for meg sjølv lenger. Og for å gå rett på sak: Eg trur eg snart må gi meg som spaltist i ambis.

Dette pressar seg fram. Og det handlar ikkje om at eg ikkje likar å skrive her i ambis. Tvert imot. Folka i korpsbladet er snille med meg dei. Helser på meg når vi møtest, ser mellom fingrane på at eg av og til leverer tekstane mine i seinaste laget, klagar ikkje på at eg nyttar nynorsk og er rause med positive tilbakemeldingar. Likevel må eg nok gi meg snart.

Nei, det handlar om den statusen eg etterkvart har opparbeida meg blant korpsfolket. I alle fall blant enkelte. Dei har sett meg her i bladet, og no trur dei at eg har peiling. Dei kan umuleg ha lese så nøye det eg har skrive, for der går det jo ganske tydeleg fram at eg har avgrensa innsikt i instrumentering, dirigenten si rolle og andre elementære sider ved det som har med korps å gjere. Men eg kan ikkje ha vore tydeleg nok

For kva er det som skjer?
Jo, eg har opplevd fleire gonger den siste tida at folk har tiltru til meg. At folk frå det hardbarka korpsmiljøet ser på meg som ein med peiling og kunnskap. Dei trur visst at eg er ein dei kan kome til med korpsspørsmål og teoriar, og så skal eg etter ein liten tenkjepause svare på spørsmåla og analysere det dei seier – stadfeste eller avlive teoriane.

Eg er med andre ord i ferd med å bli korpsrørslas svar på Klara Klok – ein slags Korps Klok. Forfengeleg som eg er, likte eg rolla i starten. Og eg klarte å svare på nokre av spørsmåla:

Anonym korps-oppmann: ”Vi har fått støtte frå sparebanken og kommunen og skal kjøpe oss nye uniformer. Kva bør vi satse på?”

Eg: ”Godt spørsmål. Trenden er klar. Eg ville utan tvil satsa på blått.”

Tungpusta eldre tubaist: ”Eg trur framveksten av dei kommunale musikkskulane har skada korpsrørsla. Færre unge vel korps med denne modellen.”

Eg: ”Interessant. All musikk er bra å drive med, så musikkskulane ynskjer eg velkomen, men samstundes er det vel liten tvil om at mange unge tykkjer det er meir spanande å spele el-gitar enn tuba. Så slik sett har du eit poeng.”

Eg snakka vas. Prøvde å innfri. Prøvde å vere klok. Men det kunne jo sjølvsagt ikkje gå i lengda. Eg blei overmodig. Og isen under beina mine blei tynnare og tynnare, heilt til den brast.

Den anonyme treblåsaren: ”Du som skriv i ambis, kva trur du? Vil den evige striden mellom tre og messing få ein lukkeleg slutt?

Eg stussar. Er det strid mellom tre og messing? Kva handlar det om? Eg forstår ikkje spørsmålet, men svarar: ”Ja, det er eit godt spørsmål. Dette har jo halde på ei stund?”

Den anonyme treblåsaren ler: ”Det kan du trygt seie. Men vil det nokon gong bli fred?

Eg forstår framleis ingenting. Berre at eg må gi han eit svar. Eg skriv i ambis. Slikt skal eg vite. Eg veit ikkje kva strid han snakkar om, men må svare på utfallet av den. Vil det nokon gong bli fred? Svarar eg ja, vil det sikkert glede han. Men då må eg forklare kva som skal til for å få fred. Eg vel difor det andre alternativet: "Nei. Der i garden blir det nok aldri fred, diverre.”

Den anonyme treblåsaren: ”Det var det eg frykta. Men du, kvifor er det så mange treblåsarar i Trøndelag og på austlandet, medan vestlandet er messinglandet og nærast avskoga?

”Nei, det eeh nei, seier eg”. 

Eg har tapt. Eg er avslørt. Eg er ikkje lenger på syltynn is. Eg vassar til knes. Dette kan eg umuleg svare på. Så no kryp eg til korset:

Kjære alle de som har spurt meg. Snakk med kvarandre. Gjer kva som helst, berre ikkje spør meg. Ikkje høyr på meg. Eg er ikkje korpsklok. Eg skal berre lytte.

Men om det er strid mellom tre og messing må nokon snarast gjere noko med det. 

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Kim Systad

Denne uken kan du se og høre Kim Systad på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering