Eit annleis år med kontrastar

Av: Olga Wergeland

Oda Salthammer er en av seks norske deltakarar som reiser til Sør-Afrika for å vere musikklærar for eit år. Ho gler seg og trur det blir mykje rytme, dans og bevegelse. Eit stort sprang frå Garden som ho har spelt i tidligare.

Oda Salthammer er frå Møre og Rosmdal, like utanfor Molde. Ho har lenge vore klar over sjansen som låg i å bli musikklærar i Sør-Afrika. Fyrst no har ho bestemt seg og vart svært glad og stolt då ho fekk positivt svar.

- Fleire lærarar eg har hatt, har vore der. No tenkte eg at tida var komen for å søkje sjølv, sidan eg går den utdanninga eg gjer. Det seier Oda som til vanleg studerer musikkpedagogikk ved Musikkhøskulen i Oslo.

Oppleve noko nytt

- Dette ser eg på som ei kjempeutfordring, noko nytt og ein sjanse til å oppleve noko heilt anna. Ho har forventningar om å lære noko sjølv, bli kjent med nye folk og ein ny kultur. Dette blir eit år som rett og slett er heilt annleis enn det ho opplever i Norge.

Annleis i Afrika

Sjølv har Salthammer spelt euphonium i Garden, og speler no i Oslo Brass Band. Det er litt stiv tradisjonell brass-band-musikk med mykje notelesing, så kontrasten kan bli ganske så brutal, seier ho. Afrikanarar er normalt gode dansarar og har rytme og bevegelse. Det er ikkje som i OBB eller Gardemusikken. I tillegg til å spele masse likar ho å synge.

Åleine på grovmessing

- Eg er den einaste av oss seks som reiser nedover som spelar grovmessing. Så eg må nok undervise i både euphonium og tuba, seier Oda. I tilllegg vil eg nok også ha korps som Soulband. Og å undervise i høyrelære blir ein del av jobben, legg ho til.

Får støtte av familien

Oda Salthammer har ikkje vore i Afrika før og gler seg storleg. - Kjærasten og familien min støttar meg fullt ut og seier dei er stolte og glade over arbeidet ho skal gjere.

- Mor mi er kanskje litt nervøs, men det er berre eitt år, sprudlar ho gjennom telefonen.

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Kim Systad

Denne uken kan du se og høre Kim Systad på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering