Eksamenstid i Sør-Afrika

I Sør-Afrika er er det 34 grader og fullt fokus på eksamen om dagen.

No er det himla lenge sidan eg har tatt pennen fatt for å blogge om våre bedrifter i Sør-Afrika...

Eg har funne ut at den uregelmessige blogginga ikkje er så smart i grunn... Det er nemleg alt for mykje å skrive om no. Eg har dessuten vore her så lenge at det har blitt vanskelegare å sjå alle dei fantastiske små tinga i kvardagen.

Ting som fargen på graset, måten ein helsar folk på, maten, den merkverdige trafikken, sola, musikken... mykje har gått inn i den normale kvardag.

Nokre ting er likevel alltid nye og spennande, som for eksempel eksamensperioden som elevane våre står midt oppe i no. Den aktive bloggleser vil ha fått med seg at me har to alternerande studentgrupper på Akademiet. Den eine av desse to er no inne i sin siste termin før dei avslutter opphaldet sitt. Det betyr at alt handler om eksamen.

La meg presisere følgande: Ein musikkeksamen her er noko ganske anna enn i Norge. Elevane følger det britiske systemet (ABRSM) noko som betyr at alt handler om poeng. I min musikalske/akademiske vekst har eg ofte vore i situasjonar der spelinga mi har blitt vurdert i forhold til karakter eller rangering, men aldri på ein såpass rigid måte som det her foregår.

Trommeelevane mine spelar to skarptrommestykker (max 30p x2), eit xylofonstykke (max 30p), bladspel (max 21p), skalaer og arpeggioer (max 21p) (Arpeggio - tonane i ein akkord blir spelt raskt etter kvarandre, i staden for samtidig, Wiki) og høyrelæretest (max 18p). Alt dette går inn i ein pott på max 150 poeng der eleven må ha minst 100 poeng for å stå. Vanskegraden går frå grad 1 - 8 og det har vore opp til oss tilretteleggarar å plassere kvar elev på eit realistisk kompetansenivå i forhold til evne og arbeidsvilje.

Dersom eleven stryk kan dei prøve på nytt, men då må dei dekke exam-gebyret sjølve, noko som for våre elevar dessverre er ganske heftig.

Søndag 30. oktober sette me oss i ein buss og køyrde til Johannesburg for å sende dei inn til eksaminasjon. Me ventar enno spent på resultat, men den generelle magefølelsen er god. Det var ikkje så skumelt som dei hadde venta. Faktisk så var det fleire som sa at me i lærarteamet hadde vore mykje meir strassande å spele for enn den faktiske sensoren. Me hadde nemlig forberedande tentamen ein heil del gonger i forkant.

Ein av kommentarane var at me hadde "overforberedt" dei. Det er då du kjenner på følelsen av å ha gjort ein god jobb som instrumentlærar. Så får me sjå då, når resultatet kjem om det er hald i denne sjølvrosinga eller ikkje...

Med dette ønsker eg alle i Norge ein skikkelig god november, med ikkje alt for mykje regn.

Frå Sør-Afrika (med 34 grader C) Jaran, "Jabu Lani" Lienig over og ut....

 

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Kim Systad

Denne uken kan du se og høre Kim Systad på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering