![]() |
Else Kåss Furuseth leiar festkonserten

Festkonserten og premieutdeling under NM janitsjar i Trondheim startar kl.2000 laurdag kveld. Else Kåss Furuseth leiar festkonserten.
Det er mange spente musikantar som ventar på resultatet etter konkurransen fredag og laurdag i Trondheim. Det skal presenterast på festkonserten I Olavshallen etter at Luftforsvarets Musikkorps har halde konsert.
Else Kåss Furuseth skal vere konsertvert. Ho har sjølv spelt i korps og er standupkomiker, reporter og programleiar. Blant anna er ho kjent frå Torsdagskveld frå Nydalen på TV2.












