![]() |
Etter 17.mai

No har eg rydda unna 17. mai tjaset. Klær er vaska og nesten hengt på plass. Slipset heng der eg hang det i fjor; eg fann det ikkje att i år. No har eg to.
Skrivepulten er rydda for program, notar, lodd, lommerusk og notatar. På bordflata ligg det 4 saker. Innkalling til styremøte i Nordvest, Kyrkjebladet for soknet, invitasjon til Sotrafestivalen og eit NMF-hefte datert 1970: ”Kompendium til instruktør/dirigentkurs”. 5. reviderte opplag 1974. Og så er PC`en på, soklart.
Kyrkjebladet har terminlista for preiker fram til 11. september publisert på baksida. Ikkje ein einaste korpskonsert. Ganske typisk akkurat det i grunn. Om sommaren er korps-Noreg nærast daudt. Akkurat på den tida folk er ute i gatene. Turistar er her til og med. Men ikkje korps. Me må da få litt fri me også. 11. september er 13. søndag etter pinse.
Invitasjonen skal eg vidarelevere til leiaren. Det var eg som henta posten denne veka.
Styremøtet skal vere som telefonmøte, noko som er ganske nytt for meg - første møte etter valet. Sist eg opplevde noko nytt i samband med møtedeltaking var når eg vart valgt til møtesekretær på eit krinsting i den hensikt å ”stoppe munnen” på meg. Dei fekk det ikkje til.
Kompendiet er steikande artig å ble i. Det er pent innbunde med mørkeraud leret-tape i ryggen. Omslaget er i ein ekkel, støvtrekt, djuporansje kartong. Framsidar har eit bilete. Det er gamle logoen til NMF. Fire forskjellige skriftypar og fontar på teksten.
Det som står inni er truleg skreve på ei Remington skrivemaskin utan rettetast. Herregud for ein jobb han hadde vår alles kjære Trevor J. Ford, - og hans medhjelparar. Det var forresten ikkje so mykje snakk om manglande rekruttering på den tida, so vidt eg hugsar.
Eg har lyst å sitere nokre sentningar får dette heftet.
Først frå eit kapittel om Behandling av messinginstrumenter. ” Hvis en med makt prøver å løsne et munnstykke som har satt seg fast, kan dette lett resultere at et strålerør sprekker. Hold venstre hånd rundt strålerøret utenfor første loddepunkt, mens du slår noen lette slag mot munnstykke-stammen med en trestikke eller trommestikke. Hånden vil dempe slagenes forplantning innover i instrumentet. Loddepunktet som har løsnet, lar seg nå lett reparere. Det finnes …
Hurra for munnstykketersen
Treblås kan også ryke: Instrumentet lekker: ”Sperr av den laveste ende av instrumentet, finn laveste tone og blås mens en annen undersøker hvor luften kommer ut", (eller blås røk og se hvor den kommer ut).
Boka seier ingenting om rullings eller ferdig. D… i røykelova.
I kapitlet om Korpset oppstilling ute, står det: ” … Det finnes mange musikktribuner her i landet som kan brukes, men det finnes også en god del som aldri burde bli benyttet fordi de ganske enkelt er for dårlig konstruert med tanke på konserter for våre korps. Vi bør benytte enhver anledning som gis i sommermånedene til å gi konserter på våre hjemsteder og gjerne gjøre bytteavtaler med våre nabokorps slik at vi kan veksle konsertsteder.”
I 2011 tek me alle ferie.
No var sida full så eg får ikkje kommentere rekruttering. Mykje snakk om det. No igjen. Diskusjonane blussar vel oppatt i 2012 so me får snakkast da.












