Etterjulspresang for sensitive øyre

Nye studentar er på plass, og lyd er fremleis ikkje mangelvare på FBF Academy i Sør-Afrika. Men kva gjer ein når det blir litt for mye av det gode? Jaran veit svaret.

Så var jula over og solbrannen har begynt å gi seg. For du kan nemleg få deg ein skikkelig ein her nede midt i sjølvaste romjulsterminen ser du. Utover det hadde me mildt sagt ei fortreffelig jule- og nyttårsfeiring i Sør-afrika. Anleis enn i Norge var den definitivt, men like fullt fantastisk flott.

No er me komne godt inn i fyrste skuleveke med splitter nye elever og stemninga er på topp. I forkant tok eg for meg å lydisolere perkusjonsrommet vårt etter beste evne. Dette hadde lenge vore ei hjartesak for meg og resten av teamet. Lyd er nemlig ingen mangelvare på bruket og sjølv om me alle liker musikk , liv og røre, så kan det av og til bli litt mykje. Dermed var det fram med sementbor, gardinstenger, limpistol, hyssing og eggekartonger. Etter ein dag med mykje svette og støv var omsider rommet ikkje alt for gale lydisolert og preparert med allslags trommeflora; klart for å ta i mot spelekåte fieldbandere. Det er nemlig heile sju ferske trommiser som kan sjå fram til å tilbringe sin rytmiske tilværelse sammen med meg i tida framover. No fekk dei jammen meg skikkelig arbeidsmiljø også. Hurra for fysisk arbeid!!

Dessuten har eg vore så fri å arrangere Michael Jacksons “Thriller” for skulens full-band i ferien. Så dei neste seks vekene blir det full zombie-avdeling på skulen. I tillegg slår Geir eit slag for Disney med “I wanna be like you” frå Jungelboka. Vivaldi får dei også prøve seg på… Med andre ord er det fin spredning i repertoaret denne terminen. Me gler oss.

Så inntil vidare: Godt nytt år alle kjære blogglesere!!

Hilsen Jaran og gjengen

 

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Kim Systad

Denne uken kan du se og høre Kim Systad på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering