![]() |
Ettertankar

Grått spelekurs for vaksne - og ein Notestol. Ja, eg var på Grått spelekurs i slutten av juli.
(Notestolen snakkar i kursiv)
Siste dagen var vi alle saman skjønt enige om at dette hadde vore heilt topp. Tenk at tre av oss også var NMF-bloggarar. «No skal me jammen i meg blogge slik at det kjem mange fleire til neste år!» - einast me om. I min vane tro gjekk eg hardt og høglytt ut om at eg ville velje tema «Innøving av «DRAUG» med komponisten – sett frå ein notestol sin ståstad».
Det vart for håplaust. Korleis i all verda skal ein sette seg inn i ein notestol sin tenkjemåte? Vel har me eindel fellestrekk notestolen min og eg: begge ha vore på leir 7 år på rad - alle åra har Robby sete til høgre for meg. Og plassen vår er nøye tilpassa næraste fluktdør fra gymsalen på Møre Folkehøgskule.
Me har vore i lag i ei årerekkje notestolen min og eg. Reint fysisk so er me også ganske like: Tynne føter, lang strak og atletisk kropp - og firkanta hovud. Enig i det – bortsett frå at eg har fleire bein å stå på. Deltakarane kjem att år etter år. Mange av dei i alle fall.
Notestolane og. Vi kjenner att kvarandre også. Du skulle berre høyre oss om nettene der vi står i mørk gymsal. Og om me går over streken på noko vis har du ingenting med.
I år var hovudinstruktøren ny. Me var retteleg spente på møtet med Torstein Aagaard-Nilsen. No kjenner me han. Flott fyr som me alle fann tonen med. Sosialt som musikalsk.
Fleire av oss vart irritert på denne unødvendige omstokkinga på kvar de sit. Eg og ein notestol frå Kjølsdalen har hatt eit forhold i mange år no. Kosa oss kvart år. Men i år nådde me ikkje fatt i kvarandre fordi han og eigaren vart flytt langt bak i korpset.
Første kvelden er det bladspel (smaksprøvar). Her lesser de på oss: notar, mutar, vassflasker og blyantar på ein gamal skrott. Kva får eg att? Sure tonar, feile rytmar, pausar på gal plass, utegløymde både faste og tilfeldige forteikn, dumme kommentarar og blyant som stadig dett på golvet. Notestolen må berre ta i mot.
Tenk korleis kroppspråket ville vore dersom eg skulle gremme meg? Nei. Eg berre står der – stiv, rank og utan eit einaste uttrykk same kva som kjem ut av sjalgstykka dykkar.
Eg kan ikkje trø takten ein gong. Kan rasen som kallast notestolar få med seg temposkifte, dynamiske variasjonar, rytmiske krumspring, empatiske spenningar eller dramatiske krummelurar?
NEI. Notestolen ser alt frå baksida av notearket. Alt vert berre omvendt. Difor kan ikkje notestolar skrive fornuftig frå ein musikkleir.
Fornuftig vart ikkje det meste av det eg skriv heller.
Får prøve att neste år. Eg skal i allefall på Grått spelekurs da også. Siste helga i juli.
«Me ha da so kjekt atte, addle i hop».












