![]() |
Faneberaren

Det går mot mai. Den store korpsmånaden. Første og syttande mai.
Då skal instrumentet vera blankpussa, uniformsbuksa nypressa og marsjane skal sitte. Eller det er vel rettare å seie at marsjane
skal gå. For mai er den store marsjeringsmånaden. Over heile landet i all slags ver skal folk gå meir eller mindre taktfast
gjennom gater, dalføre og bygder og spele vakre marsjar. Bak skal det følgje blide folk med og utan barnevogner og ballongar.
Det er folk som skal rope hurra og gratulere kvarandre med dagen. Det skal viftast med flagg. Det er nystrokne bunadsskjorter
og utfesta russedressar. Og fremst, det viktigaste av alt, korpset. Festens midtpunkt.
Mai er ein travel men fin månad for folk som spelar i korps. Det er nesten som å sleppe sauene ut på beitet om våren. Etter
å ha stått på bås heile vinteren i øvingslokala, slepp ein dei vårkåte korpsa ut på vegen med instrument og speleglede. Ja,
det er stas å spele i korps i mai.
I dag klarar eg ganske greitt å skilje mellom første og syttande mai. Nett det var verre før. Vi var mange som sleit med å
skilje dei to dagane frå kvarandre, og det er kanskje ikkje så rart. Dagane ligg tett inntil kvarandre på kallendar, begge
dagane er skulefri-raude og fulle av brus, pølser og is, og det er ikkje så lett å vite om Gerhardsen var ein av gutane på
golvet eller ein av menna frå Eidsvoll, når ein er 12 år og går der med kornetten. Då har ein nemleg to ting som er langt,
langt viktigare å tenkje på, nemleg venstre, høgre. Venstre. Høgre. Venstre først. Det var lenge minst like vankeleg å skilje
mellom venstre og høgre, som første og syttande mai.
Den enklaste måten å skilje første og syttande mai på, var å sjå etter bøndene. Var det bønder i toget, kunne du gå ut i frå
at det var syttande mai.
Eit av dei finaste marsjeringsminna mine stammer frå eit 1. mai-tog. Dette var før eg kom i fjerde klasse, fekk utlevert instrument,
og blei tvangsplassert i skulemusikken.
Møtte ein opp tidleg ved Sivle-steinen der toget skulle starte, kunne ein vere heldig og få lov å bere flagg. Det var noko
feil med desse flagga, dei mangla krossen og var dessutan heilt raude. Dei vaksne kalla det "raude faner", og for vår del
kunne dei kalle flagga kva dei ville, så lenge vi fekk lov å bere eit av dei. Og det fekk vi denne dagen, kompisen min og
eg.
Saman med andre heldige blei vi plasserte bak mannen med den store fana og framfor korpset. Så bar det nedover dalen.
Det gjekk bra til å begynne med. Vi heldt fanene våre ut til sida. Men etterkvart blei det tungt, og kompisen min, lat oss
kalle han Svein, blei lei og trøytt i armane. Han heldt ikkje den politiske fana høgt nok. Fana sveva ikkje lenger fritt i
likelønsvinden som visstnok bles over landet vårt. Fana subba halvhøgt gjennom ugras og brennenesler, før den festa seg i
eit gamalt gjerde som delvis låg nedtrakka i vegkanten.
Fagrørsla stoppa opp, i alle fall gjorde Svein og fana det. Korpset fortsette. Stadig fleire passerte Svein, som reiv og sleit
i fana som hadde surra seg godt inn i piggtråden. Då han endeleg fekk laus fana, var den heilt sundriven. 1. mai-toget hadde
passert. Svein høyrde berre lyden av det, langt der framme.
Etterpå var nokre av karane, i litt for små dressar og tynne slips, sure på Svein. Dei hevda at han hadde øydelagt fana med
vilje. Svein grua seg til å fortelje kva som hadde skjedd heime. Han var sikker på at han skulle få kjeft, så eg blei med
han. Men då han fortalte kva som hadde skjedd, fekk Svein veldig skryt av onkelen sin, som skunda seg å spandere is på oss.
Etterpå fekk vi sitje på med onkelen til Svein i traktoren hans.
Finn












