Fyrste veka over for nye Afrika-studentar

Av: Olga Wergeland

33 studentarfrå FBF Academy har spelt seg saman og hatt sin fyrste huskonsert med rundt 60 tilhøyrarar i Sør-Afrika. Ei veke er unnagjort og både studentar og lærarar er storfornøgde.

33 nye studentar er på plass for å lære meir om musikken og dansen dei skal lære vidare i sine korps, såkalla Field Band på eigen heimstad. Dei er ungdommar frå 19-27 år og fordelt på ulike instrument, trommer og dans. Sju av dei 33 er reine dansarar.

Få jenter

Prosjektkoordinator for Sør-Afrika prosjektet, Silvelin Havnevik fortel at dei jobbar med å få fleire jenter med. Berre ni av dei er jenter i år, resten gutar.

Frå Sør-Afrika

Studentane kjem frå heile Sør-Afrika. - Vi var veldig spente på om vi visste og kjende igjen nokon av studentane, men då dei kom var det mange kjende ansikt, seier Havnevik. Ho seier at det er ein skarp gjeng, ganske like i kunnskapsnivå og leverer oppgåver til rett tidspunkt. Dette gjer at ting blir enklare for oss som underviser.

Husorkester

- Til no har det gått heilt superbra. Måndag heldt dei huskonsert. Elevane ved Highschool like ved vart inviterte, og det kom rundt 60 elevar. Det var berre fantastisk til å vere fyrste konserten, seier koordinatoren.

Elevane skryt

Elevane sjølve sitt fyrsteinntrykk er positivt. Dei er så smått kome igang med kontaktlærarmøte der ein av studentane fortalde at han normalt held seg mykje for seg sjølv. Men her, saman med andre musikkinteresserte vil han vere i miljøet saman med dei andre. Motivasjonen er på topp og ein meiner dette er den sjansen i livet han har til å lære seg noko nytt. - Det skal eg bruke for det det er verdt, seier han til kontaktlæraren sin.

Fyrste av tre

Field Band Foundation starta opp sitt eige læringssenter for å heve kompetansenivået hos dei unge leiarane og lærarane i organisasjonen. Dei 33 studentane har altså no starta fyrste modulen sin som varer fram til 18.februar. Då skal dei ha avslutningskonsert. Styret i Field Band Foundation er invitert for å høyre på. Dei har svart ja, og legg styremøtet sitt til denne dagen.  

1.mars er gruppa av elevar som starte opplæringa i fjor, tilbake for meir undervisning. Den gruppa er no i praksis.

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Kim Systad

Denne uken kan du se og høre Kim Systad på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering