![]() |
Gi barna brennevin...

Gi barna brennevin før idretten tar dei - og me vert tilgodesett med panten.
Det var vel komikaren Odd Inge Thorkelsen som uttalte noko liknade i si tid. Det vart oppstuss det.
Eg trur ikkje Kjell Odvar Thorkildsen meinte det slik. Tenkjer ein seg derimot at brennevin i denne tydinga tyder rusmiddel, so kan me nesten kjøpe påstanden. Eit rusmiddel er so mykje; 2 timar trening eller hard fysisk påkjenning kvar dag og det vert ein vane. Snop kvar dag vert fort ein vane o.s.v. Ein vane kan samanliknast med ein rus, ”du må berre ha det”.
Idretten, og då spesielt fotball og handball, er flinke til å starte ruskarusellen tidleg. Allereide frå barnsbein av får barn ballar. Før dei kan gå får dei ballar. Men dei får ikkje instruksjon i bruk av ballar. Visste du det Kjell Inge Thorvaldsen. Idretten rusar ungane før dei kan gå. Det er ikkje klokt.
Allereide på babystadiet vert korpsa utkonkurrerte. Den augneblinken ungane får ein ball vert vi utkonkurrerte. Når ungane får ein ball har dei allereide vore innom musikken og da får vi vårt første tap i kampen. Alle mine ungar og barnebarn fekk musikkinstrument før dei fekk ball. Det er sant det Kjell Inge. Dei fekk musikkinstrument. Det var deira første ”brennevin”. RANGLE. Fleire sortar rangle. Og før eg viste det, rista dei på rangla. Naturtalent var dei alle saman. Vi laga rytmar saman. Når dei vakna. Under bleiskiftet. Som lokkemiddel for å få dei vekk frå puppen. Plutseleg so rista dei sjølve. Til og med mora rangla. Ka med dine ungar? Slo dei rangla mot noko seier du? Var det for å ødelegge rangla eller var det kanskje for å finne ut nye lydar og muligheitar? Var det deira første forsøk på å lage rytme? Utan at dei var bedt om det? Utan instruksjon? Kunne dei notar?
Ja tenk det Kjell Inge Torkildsen og de andre ranglefantar. Vi var på bana men vart kjibba ut - og blei der i mange år. Når me tek tak i dei att ein 8 – 10 år seinare skal dei lære seg rytmar, musikk og instrumentteknikk i ekspressfart. Og vi får panten. Dei som ikkje får plass hos idretten. Men likevel kjekk, fin og snill ungdom som ein vert glad i. Veldig glad i. Og saman med kulturskule, lokale entusiastar strevar vi so godt me kan for å gi panten vår ein hobby for livet. Men i dei fleste tilfeller har me tapt allereide i utgangspunktet. Men me gir ikkje opp. Neste år er det same galeien.
Verken i barneghage, SFO eller skule har dei fått lov å drive med musikk på fritida. Dersom ungane skulle finne på å banke på noko for å lage rytmar vert det kalla bråk. Dei får kanskje lov å synge - med da vert det ”Glory, glory…” eller ” You’ll never walk…” og mange syng faktisk sopass at du kjenner att melodien. Kvar har dei lært slikt? ”Pass deg for bakrommet!”
Tenk om vi gav vekk alle brukte trommestikker, munnstykker, perkusjonsinstrument og kasserte blåseinstrument til barnehagane? Tenk om dette hadde vorte liggande tilgjengeleg i sandkassen eller i leikekassen saman med ballar, legoklossar, bøtter og spadar? Tenk om ungane hadde laga litt lyd med desse remedia? Tenk om dei hadde gått i tog i snøslaps og regnvær? Dei sparkar ball når det både snør og regnar.
Til og med frivillig.
Da, kjære gode Per Inge Torkelsen, har vi gitt ungane ”brennevin” og konkurrerer med idretten i å få fat i dei.
Takk for eit herleg utsagn.












