Gjekk til topps

I konkurransen om å bli årets korps, årets dirigent eller årets solist på 4barsrest sin årlege konkurranse, var svært mange frå Norge nominert. Men berre eit korps nådde heilt til topps.

Bilde: PrtSc frå Bjørsvik Brass

Bjørsvik Brass frå Nordhordland vann si klasse, korps i lågare divisjonar (Lower Section/Youth Band). I grunngjevinga for nominasjonen skreiv den engelske nettsida "Utan tvil det beste ikkje-konkuranse-korpset i verda 2011". Og det viste seg at utsegna samsvara med folket som stemde. 
Gratulerer! Bjørsvik Brass er det fyrste europeiske korpset som har vunne medaljen med heile 31,1 prosent av stemmene.
 
 
Konkurransen skjer ved årsskiftet. Den engelske brass band-nettstaden 4barsrest arrangerer ein konkurranse der korps, solistar, dirigentar og arrangørar blir nominert, og folk over heile verda kan vere med å stemme.
  

Heile tre korps var nominerte i klassa "Best framføring". I tillegg til Bjørsvik Brass, var Eikanger Bjørsvik Musikklag og Manger Musikklag nominerte. Men denne prisen gjekk til Cory Band frå Wales.
 
Norge var og representert i kategorien årets dirigent. Peter Sebastian Szilvay som dirigerte Manger til  topps i EM for brassband i
Montreux i Sveits fekk ein velfortent 2.plass med 16,5 prosent av stemmene. Den overlegne vinnaren vart David King med 35,3 prosent av stemmene. King vinne denne tittelen for tredje gong.


 

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Kim Systad

Denne uken kan du se og høre Kim Systad på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering