![]() |
Heiar på konkurrenten

Tre damer frå korpset Jubel 50 lagar digre plakatar. Dei skal inn og heie på konkurrenten Lillestrøm, men ikkje utan grunn.
Fredag spelte dei tre jubeldamene konset for Jubel 50 i Lottodivisjonen. Laurdag heiar dei på konkurrenten.
- Vi må heie fram konkurrenten i dag, seier Anita Aarhaug. Vi hadde kanskje ikkje fått overnatting om det ikkje var for gjengen i Lillestrøm Musikkorps.
-Vi kan nemleg takke dei for at vi har fått hotellovernatting her oppe. No får dei heia-rop og plakatar frå oss publikumarar som takk for hjelpa, ler dei tre damene medan dei skriblar i veg på plakatbokstavane, hengane over flygelet i hotell-lobbyen.
Dei har alltid vore vår konkurrent, men i år stilte ikkje Skjetten Ungdomsmusikkorps. I staden for fekk dirigenten vår Svein Greni med seg rundt 70 musikarar som vart med i Lottodivisjonen.
På bildet frå venstre: Anita Aarhaug, Kristin Lundby, Hilde Sundvoll












