Julemusikk ispedd litt sladder

Adventstida og jula er den tida på året eg angrar mest på at eg ikkje heldt fram i korps.

Eg skulle gått vidare frå skulemusikken til eit musikklag, men slik gjekk det altså ikkje. Som eg har fortald ope om tidlegare her i spalta, var eg ikkje så ivrig på å øve. Og dei få gongene eg prøvde meg, var dei eldre brørne mine raskt frampå. Dei tilbaud meg potetgull med paprikasmak om eg avslutta dei skringrande skalaforsøka mine. Eg var både viljesvak og saltsjuk, så eg valde chips framfor kornett. Eg valde feil, men slik blei det no ein gong.

Men i vekene framover må det vere moro å spele i korps. Sjølvsagt kan det vere iskaldt, men eg tenkjer på alle dei blide tilhøyrarane. Ved tenninga av julegrana, i kyrkja, på julebasaren eller kor det måtte vere. Blide tilhøyrarar som både klappar og syng med på alle dei fine julesongane.

Om eg ikkje kan spele julesongane, kan eg synge med. Og så kan eg gi litt historikk og sladder om nokre av dei. Historier du kan strø om det med til dei andre i korpset, om nokre av melodiane står på repertoiret.

Vi kan byrje med ”Det hev ei rose sprunge”. Her snakkar vi verkeleg om ein oldies but goldies. Melodien til denne tyske julesongen, stammar frå ei vise frå 1400-talet. Salmen blei skriven av Michael Prätorius omlag to hundre år seinare. Praetorius jobba mellom anna som organist. Og då han døydde, blei han faktisk gravlagd i eit kvelv under orgelet i ei kyrkje i Wolfenbüttel.

Frå ei tysk kyrkje, skal vi til ei norsk. Vi er i Johanneskirken. Bergen. Det er julegudsteneste. Året er 1944. Fremst i kyrkja står ein jenteklasse frå Sydneshaugen skole og syng ein song ingen har høyrt før. Melodien har læraren deira skrive. Læraren heiter Lars Søraas d.y. Og diktet han har sett melodi til, er skrive av Jakob Sande. Denne dagen mot slutten av Andre Verdskrig, får verda for første gong høyre ”Det lyser i stille grender”.
Vi er mange som reknar ”Det lyser i stille grender” som den vakraste av alle julesongane. Og i dag er dette det mest kjende diktet til Sande. Men forfattaren sjølv var ikkje spesielt nøgd med diktet. Det blir faktisk hevda at Jakob Sande ikkje kunne hugse å ha skrive noko juledikt, då Søraas tok kontakt. Og då Sande fekk tilbake minnet og fekk sjå diktet, var han så lite imponert over seg sjølv, at han i alle fall ville fjerne det femte og siste verset. Og slik blei dei.
Det finst nærare hundre ulike plateinnspelingar av ”Det lyser i stille grender”. Imponerande nok, men likevel småtteri i høve til den neste juleklassikaren.

Besteforeldra var slavar. Sjølv levde Jester Joseph Hairston eit fritt liv i USA som skodespelar, dirigent og komponist. Han døydde for ti år sidan, men sjølv om han er død vil han leve vidare. Namnet hans vil for alltid stå med små bokstavar under ein av dei store julesongane, ”Mary´s boy child”.
Songen kom ut for første gong i 1956, og året etter låg den på toppen av listene i ma. England. Hairston song ikkje sjølv. Det gjorde Harry Belafonte.
Belafonte kan elles skryte av å vere den første artisten i verda som selde over ein million eksemplar av ein LP. Den første singelen som gjorde det same, var ”White christmas” med Bing Crosby.

Irving Berlin komponerte ”White christmas” ved bassengkanten på eit hotell i Arizona i 1940. Då han bad sekretæren skrive ned songen, sa han: ”I just wrote the best song I've ever written — heck, I just wrote the best song that anybody's ever written!”
Til og med Bing Crosby, som var svært kritisk til alle nye melodiar, var begeistra: "I don't think we have any problems with that one, Irving."
Han fekk rett. Og etter berre 18 minutt i studio ein sommardag i 1942, var julesongen i boks. Det blei tidenes platesuksess. Til no har ”White christmas” selt 50 millionar eksemplar. Og fleire skal det bli. For snart er det jul.

Finn

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Kim Systad

Denne uken kan du se og høre Kim Systad på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering