![]() |
Kalde fingrar

Frostrøyken stig opp frå messingen. Både ventilane og fingrane er trege. Ein kastar misunnelege blikk mot ho som står med skarptromma. Det doggar på brillene og rimar på notane. O Helga Natt.
Det er mange korps som står ute og spelar og frys om dagen. Folk veit ikkje kva det vil seie å fryse på fingrane, før dei
har prøvd å spele "Rudolf er rød på nesen" utandørs i minusgrader.
No i desse travle desemberdagane er kalde fingrar eit konstant problem for dei som spelar i korps. Eller problem og problem.
Ingenting er problem i våre dagar. Det er ikkje lov å snakke om problem. Problem finst ikkje. Det heiter utfordringar.
Og utfordringa ein står overfor når ein skal spele julesongar med kalde fingrar er eit problem, beklagar - ei utfordring.
Det er ekstremsport. Men kanskje kan ein snu dette probl... denne utfordringa til noko positivt, og bruke det i marknadsføringa
av korpsrørsla. Kanskje i eit slagord?
Korps er kult, hevdar eit slagord. Det slagordet likar ikkje eg så godt. Sjølvsagt er korps kult. Det seier seg sjølv. Dessutan
er det så mykje som er kult i våre dagar. Både nynorsk og sykkelhjelm er kult. Det kan elles vere slitsamt å vere kul heile
tida. Det er tøft nok å både spele etter notar og marsjere, om ein ikkje skal vere kul samtidig.
Ein skal vere forsiktig med å generalisere. Det fører ikkje alltid noko godt med seg, men likevel. Eg har inntrykk av at folk
som spelar i korps jamt over er sindige folk. Som vanleg uttalar eg meg på sviktande faktagrunnlag. Men eg trur det er fleire
sindige enn kule folk i korpsa våre, og det er positivt. Sindig er bra, i fall nokon lurar. Innan pop og rock er det omvendt.
Der er det mange kule, men langt færre sindige individ. Innan popmusikken har det vore mange galningar som har misbrukt alkohol
og narkotika. Dei har knust hotellrom og herja på. Slikt er det lite av i korpsrørsla. Eg trur ikkje eg har høyrt om ein einaste
dirigent som i LSD-rus har kasta tv-en ut av hotellvindauga. Det er også nokså uvanleg at korps går på, eller marsjerer på,
speed. Det skal vi vere takksame for. Heldigvis er ikkje korpsfolk så kule.
Nei, korps er ikkje kult. Korps er kaldt. Og korps er varmt. Korps er aldri nett passeleg.
Sommarhalvåret er det for varmt. Sveitten renn, skjorta blir klissvåt og det kokar i skoa. Vinterhalvåret er det kaldt. Særleg
på fingrane. Resten av kroppen finst det håp for. Ein kan legge krølla avispapir i skoa, ta på dobbel stillongs og både helsetrøye
og ulltrøye under uniformsjakka, men fingrane er det kritiske punktet. Fingrane er nakne. Ein kan ikkje spele med vottar.
No må eg innrømme at det av og til kunne høyrast ut som eg gjekk med vottar når eg spelte i skulemusikken, men det gjorde
eg altså ikkje.
Men denne kulden kan ein kanskje snu til noko positivt, td. i eit slagord:
Er du ein kald fisk? Freist kornett.
Lei av varme fingrar? Spel tuba.
Er du tøffare enn Lars Monsen? Start i korps.
Nei, det var kanskje ikkje så bra slagord dette. Men det skal du vite. Om du ikkje er så kul der du står med resten av korpset,
er du i alle fall tøff. Du frys på deg stive fingrar for å skape julestemning for andre. Tenk på det neste gong du sit der
og prøver å få liv i dei frosne fingrane. Då skal eg love deg at gløggen og julekakene smakar ekstra godt. Du har gleda både
gamle og unge med spelet ditt. Då er forhåpentlegvis kalde fingrar ein låg pris å betale.
God jul - spesielt til alle dei kalde fingrane. Det blir ikkje jul utan dei.
Finn












