Klok med instrument - eller klok av skade?

No har eg gjort meg nokre tankar omkring eit oppslag som har vore publisert på heimesidene til NMF og aviser rundt omkring.

I oppslaga vert vi fortalt at ungdom som lærer seg å traktere eit instrument vert superkloke. – Ja, ja overkloke da, eller i allefall meir kloke enn ungar som ikkje blir med i menigheita. Med andre ord so burde eg, med meir enn 50 år som instrumentalist på trompet vere ganske so klok hvis påstanden er kategorisk. Dessutan kan eg spele kornett, flygelhorn, althorn, bariton, euphonium og tuba på ein slik måte at ein kjenner att melodien. I eit ensemble vil det også fungere på eit vis. I tillegg til dette - keyboard, orgel, piano (med ein finger) og litt munnspel, munnharpe, trombone, trommer og lur. (P.S. Eg traktere alle desse instrumenta betre enn keeperen på veteranfotballaget her i bygda.)

Jau, jau. Skinnet kan kanskje bedra noko i mitt tilfelle. Eg veit at i NMF so er det flusst opp med folk som spelar både eit og to instrument og har traktert desse i ei årerekke. Da er det vel ein viss fare for at det er masse klokskap å finne i rekkene. Likevel opplever eg (vi) at eg (vi) ikkje innehar klokskap nok til å hindre medlemsflukt.

Eg, og kanskje eit par til, manglar intelligens til å finne colombiegget som skal få ungdom til å halde ut saman med oss. Akkurat det er no litt dumt da!

Er vi blitt for kloke kanskje? Lurer no på om det er mange i MENSA som spelar i korps, eller er tidlegare korpsmedlemmer?

«Det er ikkje klokt noko lenger», seier me her i bygda når ting ikkje går som forventa.

Det var i grunn det heile!

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Kim Systad

Denne uken kan du se og høre Kim Systad på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering