![]() |
Kom med pengar og kake

Bergen kommune troppa opp på øvinga til Sandvikens Ungdomskorps i går med ei overraskande pengegåve, både til vinnaren av NM janitsjar og Dragefjellets Musikkorps.
Foto: Katharina Lærum
Kommunen ville vere med å feire og hadde i tillegg til pengar med seg kake. Det vart ei storslått feiring på øvinga til Sandvikens Ungdomskorps måndag kveld. Etter sigeren i NM janitsjar i Trondheim i helga, hadde dei invitert nabokorpset Krohnengen, som dei deler øvingslokale med, inn til sigersfest.
I ein sigersrus
Og Bergen kommune ville vere med på feiringa. Varaordførar Trude Drevland og kommunalsjef for kultur Bjørn Holmvik troppa opp med 90.000 kroner og seks kaker.
-Vi går i ein rus enno. Det seier leiar i korpset Nils Yngve Brudvik. Dette vart ein dobbeltsiger til Bergen. Kommunen gir 60.000 til NM-meisteren og 30.000 kroner til nummer to, Dragefjellets Musikkorps. Tore Grønn representerte Dragefjellet på festen i Sandviken i går.
Også NMF Hordaland møtte opp for å gratulere. Regionleiar Eirik Helland overrekte blomster.
Støttar elitekorpsa
Frå før har Bergen kommune sponsa elitekorpsa i byen med 100.000 kroner kvar, også Tertnes Brass og Krohnengen Brass Band har fått det. Varaordførar Trude Drevland seier det er fordi korpsa er forbilde for andre og representerer kvalitet i det dei held på med.
-Vi er heldige som held til i Bergen, seier Brudvik. Pengegåva kom som ei stor overrasking, men så kostar det også å drive eit stort korps, legg han til.
Ny norsk musikk
Og pengane tenkjer han dei må bruke til å få norske komponistar å skrive god norsk konkurransemusikk til sympfonisk band. Det er eit utvida janitsjarbegrep, som blir meir og meir vanleg.
På konkurransen laurdag hadde Sandvikens Ungdomskorps utvida besetning med kontrabass, cello og harpe. Komposisjonen dei framførte, "Symphony no.1 Gilgamesh" var ikkje norsk, men hollandsk, av Bert Appermont.
- Eg opplevde det som magisk i dei rolege partia, seier Brudvik. Og vi presterte gode soloparti. Dommarane signerte med å gje dei beste poengsum i eliten.
Også NRK Vestlandsrevyen var innom festen.












