Komponerer du musikk - utvida søknadsfrist

EBBA har utvida søknadsfristen til 20. februar for at fleire skal få sjansen å kome med nykomponert musikk til EM i Rotterdam i mai.

I samband med EM brass i Rotterdam i Nederland i mai, inviterer arrangøren også til ein Europeisk komponistkonkurranse. Konkurransen gir komponistar som er føddt etter 1. januar 1977 ein unik sjanse til å sende inn eit nytt verk for brass band.

Fristen for å melde seg på til den "5.th European Composert Competition" er utvida til 20. februar 2012. Ønskemålet er at fleire, også norske komponistar deltek. EBBA ønskjer å vidareutvikle konkurransen og treng fleire påmelde.

Dei beste stykka vil bli valt ut til finalen 3. mai og blir ein del av European Brass Band Championships der leiande brass band frå Nederland vil spele.

Det vil vere premiar frå 2500 euro til 500, i tillegg til spesielle utmerkingar for finalistane.

Sjå meir på nettsida til EBBA.

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Kim Systad

Denne uken kan du se og høre Kim Systad på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering