Komponisten trudde på Manger

Av: Olga Wergeland

Komponist Torstein Aagaard-Nilsen har hatt ei god kjensle siste veka. Han trudde på at Manger Musikklag ville vinne EM for brass-band, og han fekk rett.

Foto: Manger Musikklag. Perkusjonistane

Laurdag kveld var det klart. Manger Musikklag er Europas beste brassband. Dei vann med fire poeng framfor korpset som før konkurransen var ein av favorittane, nemleg Cory Band frå Wales.

Torstein Aagaard-Nilsen har komponert det fritt valde stykke, Old Licks Bluesed Up som var eitt av to musikkstykke Manger Musikklag framførte.

Kaotisk

- Eg ringde til familien min i går kveld og snakka litt med dirigenten. Det var litt kaotisk å kome igjennom på telefon, og eg trur ikkje det hadde gått heilt opp for dei i går, seier Aagaard-Nilsen. Han har kone og to born med i bandet.

Hadde trua

Torstein Aagaard-Nilsen fortel at korpset sjølve ikkje hadde venta å vinne, men sjølv har han gått med ein god følelse heile siste veka.

- Dei har vore i "gamet" lenge, men trudde ikkje heilt på det sjølve, at dei ville vinne. Det er alltid eit eller anna som kunne vore gjort betre. Men Manger folk er eit rolig folkeslag, og eg visste at på ein god dag, er dei gode nok.  Aagaard-Nilsen seier dei har gode folk rundt seg, jobbar målretta og dirigenten, Martin Winter har gjort mykje rett. Under sjølve konkurransen dirigerte Peter Szilvey korpset.

Takknemleg

Leiar i korpset Nils Arne Træland vil gjerne understreke kor mykje komponisten har hatt å seia for Manger Musikklag.

- For Manger Musikklag betyr Aagaard-Nilsen utruleg mykje. Han har vore med i dirigentteamet, og har bidratt med kunnskap og erfaring. Han er ein fantastisk person og gull verd for korpset. Vi er takknemlege for at han er i staben, avsluttar Nils-Arne Træland som allereie har planane klare for EM i Rotterdam neste år.

Mottaking

Manger Musikklag kjem til Flesland måndag ettermiddag. Då reknar Aagaard-Nilsen med at det blir gjort ekstra stas på Eruopameisrane, men korpsmusikk og norske flagg som velkomst.

Her kan du sjå bilde av musikantane som Manger Musikklag har tatt i Montreux i Sveits.

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Kim Systad

Denne uken kan du se og høre Kim Systad på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering