Korps betyr livet for mange

Av: Olga Wergeland

Norges Musikkorps Forbund og den sørafrikanske musikkorganisasjonen Field Band Foundation (FBF) har utveksla musikklærarar i 10 år. I fire dagar i oktober er kultursamarbeidet blitt feira.

Foto: Håkon Mogstad

Norges Musikkorps Forbund og den sørafrikanske musikkorganisasjonen Field Band Foundation (FBF) har utveksla nesten 100 musikklærarar sidan 2001. Under 10-årsmarkeringa i Johannesburg sist veke møtte alle kvarandre. For nokon vart det eit kjent og kjært møte, medan andre aldri har møtt kvarandre tidlegare. 

Høg kompetanse

Utvekslingsprogrammet, som heiter Bands Crossing Borders (BCB), har vore fullfinansiert av Fredskorpset (FK). I løpet av desse åra har både NMF og FBF opparbeidd seg høg kompetanse på å jobbe med musikk i møte med ulike kulturar.

- Dette har vore ei stor hending for både tilsette, tillitsvalde og for utvekslingsstudentane. Det seier musikksjef i NMF, Geir Ulseth. Rundt 100 reiste frå Norge for å delta i feiringa. 35 av dei frå Norges nasjonale brassband (NBB)

Fantastisk prestasjon

NBB er unge, talentfulle og dyktige musikarar som spelte saman med tubaist Øystein Baadsvik, leia av dirigent Børn Sagstad. No er dei tilbake i Norge etter konsert-turneen i Sør-Afrika.

- Dei leverte fantastisk musikk, ein stor prestasjon av bandet, solisten og dirigenten. Dei heldt ni konsertar og fekk mykje skryt. Det var stor steming heile vegen, seier Ulseth.

Du kan høyre dei på YouTube spele Amazing Grace, arr William Himes, konsert i Mamelodi, Sør-Afrika 2011.

Meir skryt

På Face Book skriv Bands Crossing Borders: "Thanks to everyone for making the BCB 10 year anniversary in Johannesburg unforgettable! A special thanks to all participants for making this program so successful. We are so proud of you all!"

Korps og musikken betyr mykje for dei som har vore med i utvekslingsprogrammet og gir mange eit rikare liv. Under jubileumsmarkeringa fekk dei vise fram kva dei har lært.

Både Utanriksdepartementet, Den norske ambassaden og forsikringsselskapet If har vore med å sponsa jubileet.

Livet for mange

Under besøket var det også ein nasjonal konkurranse der musikksjef Geir Ulseth var dommar. Han seier korps betyr livet for mange.

Gå til sidene under for å lese meir om jubileet.

Trønder-Avisa

Stjørdalsnytt

Hamar Arbeiderblad

Rektor ved Tonehiem Folkehøgskole håpar han kan få fleire utvekslingsstudentar til skulen.

Trønder-Avisa har skrive om feiringa før den begynte

Langesund Blad har vore opptatt av kulturutvekslinga og skrive om to medlemmer i NBB i deira nedslagsfelt.

Oppland Arbeiderblad har følgt Vinjar Chr. Hambro og Marit Skattebo som spelte ni konsertar i Sør-Afrika i oktober.

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Kim Systad

Denne uken kan du se og høre Kim Systad på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering