![]() |
Korps og kjærleik

Det er ikkje berre kalvane og lamma som spring glade og kåte rundt på bøane no om våren. Det skjer med korpsmedlemmar også.
- Ein gong var eg så forelska at eg gledde meg til øvingane, og eg hadde ikkje øvd ein gong. Likevel gledde eg meg. Og dirigenten vi hadde var bråsint. Særleg om våren. Eg trur han hadde pollenallergi. Men trass dette gledde eg meg til øvingane. For då skulle eg få vere saman med ho igjen. Eg skulle tilby meg å slå opp notestativet hennar. Eg skulle sitje attmed ho. Vi skulle spele saman. Eg kom ikkje til å høyre noko. Eg kjende berre foten hennar som av og til kom borti min. Eg kjende berre lukta hennar. Lipsyl og Toy. (”Geir” – Anonym, tidlegare korpsmedlem)
Det er ikkje berre kalvane og lamma som spring glade og kåte rundt på bøane no om våren. Det skjer med korpsmedlemmar også. Rett nok plar dei ikkje springe kring i graset, korps held seg stort sett langs vegane, men dei er yre og glade. Og det er ikkje berre dei gamle marsjane som framkallar denne reaksjonen.
No om våren oppstår det minst like mykje søt musikk utanfor øvingslokala, som inni. Kanskje meir utanfor, faktisk. Det finst nok av dei som er flinkare til å forelske seg, enn å spele Sousa.
No må eg understreke at eg snakkar heilt utan erfaring. Det er i samtalar med andre, eg har forstått at dette med å vere forelska er vanleg i ulike korps. Sjølv var eg aldri forelska, då eg spelte i skulemusikken.
For det første var vi veldig mange gutar i korpset. Og dei blei eg ikkje forelska i. Men vi hadde nokre jenter også, utan at dei gjorde spesielt inntrykk på meg. Og truleg gjorde eg endå mindre inntrykk på dei, der eg sat med kornetten og prøvde å pressa luft inn i munnstykket. Eg likna på ein leppefisk.
- Vi sat der med instrumenta på fanget. Vi lo av vitsane til dei store gutane og jentene, dei som ikkje var redde for litt kjeft frå den allergiske dirigenten. Vi snakka kviskrande saman. Ho stilte meg eit spørsmål, men før eg fekk svara heva dirigenten taktstokken. Og så sat eg der under heile marsjen og funderte på kva eg skulle svare på spørsmålet hennar, for å framstå som smart og morosam. Eg kunne jo aldri bli bra nok for ho, men eg prøvde så godt eg kunne.
(”Geir” – Framleis anonym, tidlegare korpsmedlem)
Eg har høyrt mange forelskelseshistorier. Om gutar som har forelska seg i drillpikene. Om den vakre tamburmajoren Mariann. Om han på trompet som ikkje fekk sjans på ho med althornet, fordi han på skarptromma stakk av med henne, sjølv om han alt hadde noko på gang med opptil fleire andre. Ikkje var han flink heller, og lite å sjå til. Men han hadde alltid halslinser, så jentene flokka seg rundt han og skarptromma hans.
Hadde eg vore ung i dag, hadde eg blitt medlem i eit skulekorps. Eg høyrer at mange korps manglar gutar. Dette må vere eit luksusproblem for unge gutar som har vit nok til starte i korps. Dei kjem til å bli omkransa av jenter, som også vil forelske seg.
Ragnar Hovland har skrive ein strålande tekst, som det passar å slutte med. Eg ynskjer alle ein fin korpsvår – forelska eller ei.
Hornmusikk
Eg speler klarinett i 17. mai-toget, og jenta som går bak meg (og speler 1. kornett), trakkar meg heile tida på hælane. Kan
du ikkje gå fortare? seier ho. Ho heiter Rosy. Og om nokon synest det er eit underleg namn, skulle dei berre ha visst etternamnet
hennar (som eg sjølvsagt ikkje røper for ikkje å avsløre henne). Eg går fortare og fortare, men ho er stadig etter meg og
trakkar meg i hælane, og snart er vi langt framfor 17. mai-toget, som berre er ein fjern dur, og vi er inne i skogen, der
bjørnane glir mellom trestammene. Der pressar ho meg ned i bakken slik at kornett og klarinett fer til pises. Ho held meg
heilt fast og ser meg spottande inn i augene, eg kjenner kroppen hennar mot heile min, og eg forstår at det er ikkje nødvendigvis
er hornmusikken i seg sjølv som er problemet, men alt det den fører med seg.
Ragnar Hovland – frå Sjølvmord i Skilpaddekaféen.












