Korps og kroner

Kva med ein pin-up kalender av korpset? Korpset i blanke messingen

”Det kostar å vere kar” heiter det. Det er ikkje gratis å vere korps heller. Og kor skal pengane hentast?

“Korps må svi når kulturbudsjett blir kutta".

Denne overskrifta las eg på Spilleglede.no, NMF sine flotte nettsider, for nokre veker sidan. Saka handla om Rana kommune som kutta i kulturbudsjettet, noko som gjer at korpset i kommunen får det vanskelegare og grovmessinggruppa på kulturskulen blir skadelidande. Dette er sjølvsagt ikkje bra. Det er vanskeleg nok som det er å rekruttere grovmessing til korps. Snittalderen på grovmessing i korps her til lands ligg på over 50 år stod det å lese. 50 år høyrest kanskje høgt ut, men 50 er ingen alder. Det betyr for eksempel at snittalderen på grovmessing her til lands er omlag tjue år lågare enn snittalderen i verdas største rockeband - The Rolling Stones. Og dei karane er framleis i fin form der dei hoppar rundt på scena i bilbuksene sine frå Dressmann.

Men eg skal ikkje vere vanskeleg. Eg forstår poenget. Det hadde ikkje skada om det kom yngre krefter inn i musikklaga. Yngre krefter som kasta seg over grovmessingen. Kutt i kulturbudsjetta er ikkje vegen å gå for å få til slikt. Tvert imot.

No veit ikkje eg spesielt mykje om verken Mo Hornmusikk, Rana kommune eller ”Kulturbyen” Mo i Rana. Men den økonomiske situasjonen der er tydelegvis like vanskeleg som mange andre stadar i Korps-Noreg.

For kan du nemne fem korps som ikkje slit med økonomien?

Skund deg, gi meg namnet på tre korps som har litt for mykje pengar på bok.

No tenkjer eg det blei stille, for til og med det konkurrerande korpset i nabobyen, nabobygda eller på hi sida av fjorden – dei som spelar mykje surare enn ditt korps – til og med dei slit.

Korps handlar nemleg i stor grad om kroner. Alt innanfor kulturområdet har ein lei tendens til å gjere det. Sjølv jobba eg ein periode i kulturavdelinga i ei avis. Då eg byrja der, gleda eg meg til å skrive om alle konsertane, teaterstykkja, filmane og dei nye bøkene. Men eg blei stort sett sitjande å skrive om kroner. Mangelen på kroner.

Men korleis skal korps få inn pengar då, når det fattige landet vi bur i ikkje lenger har råd til å betale?

Korpsrørsla har alltid vore flinke å arrangere kakebasarar og lotteri. Dei har vore leiande på åresal, loddsal og firkanta sjokoladekaker med kokosstrø. Og folk har støtta korpset. Folk har kjøpt lodd som gale, utan at nokon har blitt speleavhengige av den grunn. Folk vil nemleg ha korpset sitt. For kva er alternativet? At 17.mai-toget skal gå utan lokomotivet? At julekonsertane skal innstillast?

Men lodd og basarar er kanskje ikkje nok. Det lokale næringslivet er kanskje ikkje heller like raust som før? Det er då det er på tide å tenkje nytt.

Kva med ein pin-up kalender av korpset? Korpset i blanke messingen. I januar bilete av røyrleggaren på skarptromme, halvnaken ute på ein bø. I februar 2. kornettane, med frekt undertøy, på ein europall. Mars. Dirigenten og taktstokken på eit saueskinn framfor peisen. Og slik kan de halde fram.

Det er ikkje sikkert det blir lettare å verve grovmessing til korpset om dette blir noko de satsar på kvart år. Men eg trur det vil selje overraskande godt og få inn kroner til kassa.

Når det er sagt, er eg ikkje sikker på om eg vil anbefale denne framgangsmåten. På mange måtar er det betre for alle partar at de held dykk til basarane og dei firkanta sjokoladekakene med kokosstrø. Så får vi heller håpe at julenissen i år kjem med meir enn varme vottar til kalde korpsfingrar. Skjer ikkje det, får de heller forsiktig ymte frampå om at viss de ikkje snart får støtte og pengar inn i kassen, så kastar grovmessingen uniforma og blir grovare enn nokon gong.

 

 

 

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Kim Systad

Denne uken kan du se og høre Kim Systad på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering