![]() |
Korpsdriftportalen er på nett

Den nye Korpsdriftportalen i NMF lansert. Vi er på nett og du kan logge deg inn og teste om alt går som planlagt.
Bilde: Prosjektleiar Erlend Veland Thorsen
- Alt har gått etter planen. Det er godt å få lansert portalen no, seier prosjektleiar Erlend Veland Thorsen.
Han har stått i front for å få Korpsdriftportalen klar til bruk. For at du skal kunne logge deg inn og prøve det nye datasystemet er det nokre viktige moment som må vere på plass.
Innlogging
Du må logge deg inn med brukarnamnet ditt og passordet som står på medlemskortet ditt.
Alle opplysningane som ligg i den gamle løysinga er tatt med over i den nye.
Spennande start
- Systemet er svært lovande, moglegheitane mange og fleire kjem til etterkvart. I fyrste omgang har vi begynt med å fokusere på medlemmene og arkiv, seier Veland Thorsen.
I tillegg er det alt no ein del grunnfunksjonalitet innan økonomi. Men heile rekneskapsløysinga er ikkje opna enno.
- Dette ventar vi litt med fordi korpsa som ønskjer å fakturere også må opprette ein KID-avtale, seier Erlend.
Det kjem meir informasjon om dette over helga, på musikkorps.no.
Implementeringsår
Dette er ein start. Heile 2012 er eit implementeringsår. Det vil heilt sikkert dukke opp feil og manglar ved lanseringa. Men utgangspunktet er godt og prosjektleiaren set stor pris på å få tilbakemeldingar om feil via epost. Send spørsmål/problemstillingar til: korpsdrift@musikkorps.no
- Skriftleg informasjon er lettare å ta vare på og behandle, enn kontakt via telefon, seier han.
Eige forum
Det er laga eit eige forum der alle kan stille spørsmål eller legge inn feilmeldingar og ønskje om endringar. Bruk gjerne forumet, så kan også andre få nytte av å sjå dine spørsmål og kva svar du får.












