Korpsleir på Nordfjordeid

Mamma køyrte meg til Nordfjordeid 24. juni. Eg var spent i bilen og hadde masse sommarfuglar i magen.

Då me kom til Nordfjordeid blei me møtt av Line, ho var ”moroinspektør”. Ho viste meg kor eg skulle sove. Eg hadde på plass soveposen og tinga mine, så ble mamma med meg bort i peisestova, der eg fikk servert boller og saft og traff på dei andre deltakeranen. Etter det følte eg meg trygg og mamma kunne reise.

Eg møtte på Ingvil og Grete som eg sov på rommet med. Det var to kjekke jenter frå Sogndal og Leikanger. Det var eg og to til som spelte klarinett. Eg var i treblåseinstrument-gruppa, der var me 6 stykker.

På fredag hadde me namneleik for å bli kjent med kvarandre. Det var 31 deltakere der, og fem vaksne. Laurdag morgon blei me vekt klokka 7.30, da åt me frukost ilag. Etterpå begynte vi å øve. Me fekk beskjed om at vi skulle halde ein minikonsert for foreldre på mandagen, og at temaet var Star Wars.

Me øvde halvtime pr. øving, så var det pause, og så øvde me vidare. Og slek holdt vi på nesten heile helga. Eg var sår på leppene etter all øvinga!!

På ettermiddagen var me på butikken og snopa, det var kjekt. Eg delte bad med 10 andre, så for å rekke å dusje søndag morgon, måtte eg stå opp kl 6.00, så når eg la meg søndag kveld var eg trøytt!!

Under øvingane spilte vi mykje fiss, noko eg kunne fra før. Eg lærte å bruke H i stedenfor B. Me lagde hjelmar av grå gaffa tape og svart stoff, og pynta det med party-sugerør. Til klær hadde me svarte bossekkar.

På mandag vart eg glad da eg så mamma, Sigurd og Oddgeir. Det var morro og framføre showet. Me spelte fire sangar, Star Wars, Bonsull, Carneval de paris og GUL finale.

Tusen takk for at eg fekk vere med på noko så morro!

Marie 11 år frå Årdal

 

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Kim Systad

Denne uken kan du se og høre Kim Systad på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering