Korpsrettleiar med reality-sjekk

Av: Olga Wergeland

Han spelar sjølv i korps, har mange jern i elden og meiner han får noko tilbake når han engasjerer seg i andre korpsmiljø. No oppfordrar han korps til å vere aktive og bruke rettleiarane som skal få korps til å blomstre.

- Det treng slett ikkje vere ambulanseutrykking vi held på med. Det er like viktig å sjå på kva korpset er kry av og vidareutvikle det.

Dette seier korpsrettleiar i NMF Hordaland, Viggo Bjørge, som med det meiner eit korps som fungerer gjerne kan ha like godt av å få rettleiing som korps som slit i motbakke.

Nytt blikk på korpset

Han er ein engasjert mann som har mange ting å henge fingrane i. Likevel har han sagt ja til å vere med å rettleie korps som har behov for det.

- Om du får inn ein rettleiar kan vedkomande sjå med nye auge på kva korpset held på med, korleis stoda er i korpset og kva grep som kan takast for å kome vidare, seier Bjørge.

Temakveldar

Han er ein av 32 rettleiarar i NMF som har sagt ja til å bygge korpsa innanfrå. Han har vore med i referansegruppa og var med og la grunnlaget for det som kanskje nokon kjenner som «framtidskveld». No er det bytta ut med temakveld, men bygger på same prinsippet.

- Eg er spent på korleis korpsbyggarprosjektet går, særleg det toårige prosjektet «Bli betre – få det betre». Eg har lært meg til ein del ting som verkar, og som ikkje verkar, seier han.

Les også: Vil finne sjela til korpsa

Flaks eller uflaks

Bjørge er medlem av elitedivisjonskorpset Eikanger-Bjørsvik Musikklag i Nordhordland. Hordaland er ein sterk korpsregion, og han samanliknar regionen med rike Norge i Europa. Det er flaks om du bur i Norge, på same måte er det med korpsa – det er flaks om du bur i ein region der ting fungerer godt.

- Vi må vere forsiktig så dei som lever i skuggen av dei gode, ikkje forsvinn. Desse må vi fange opp, også når dei er i ulike bølgedalar. For korps gjeld ikkje berre i det miljøet du er i sjølv. Vi må sjå utanom oss sjølve, yte hjelp av vår kunnskap, seier han.

- Korps er ingen egotripp, men å hjelpe gjer oss sjølve sterkare, sler han fast.

Gje råd - ikkje løysing

Når han no skal vere rettleiar, blir hans viktigaste oppgåve å gjere research i korpset, sjekke ut status, ha kontakt med styret, dirigent, leiar og kome med dei rette råda. Som rettleiar må han sjå på kulturskulesamarbeid, foreldreengasjementet og aldersamansetninga i korpet.

- Oppgåva blir å gje råd, ikkje kome med løysinga. Korpset må sjølv ha eit eigarforhold til det som skal skje, seier Bjørge.

Viktig i lokalsamfunnet

Korps er ein viktig samfunnsaktør, særleg i små bygdesamfunn. På same tid er det kanskje lettare å bygge korps i ei lita bygd, fordi alle kjenner alle. Korpset er meir synleg og alle aktivitetane grip om kvarandre, alle lærer av kvarandre. Dette er ein magisk mekanisme, og eit korps er både politisk og religiøst nøytralt, seier han.

Eikanger-Bjørsvik Musikklag har ei ambassadør-rolle og er eit såkalla «Born to play-korps».

- Vi lever ikkje i ei isolert verd. Vi blir sjølve inspirert og får betre kjennskap til miljøet, og kanskje oppdagar vi eit talent, undrar han seg. Han er sterk i trua på at dei kan lukkast med å engasjere seg meir.

Ralitetsorientering

- Å hjelpe andre til å kome på eit nytt nivå, er ein reality-sjekk for oss sjølve, seier han. Med det meiner han at korpset blir medviten om kvar dei sjølve står, kven dei er og korleis dei blir oppfatta ute blant folk.

- Dermed kan vi finne viktige suksess-kriteriar for det vi sjølve gjer, seier Bjørge.

Bestill rettleiar til korpset

Han oppfordrar alle korps om å vere aktive, ta kontakt og få inn ein rettleiar på øvingane.

- Det er viktig at rettleiaren blir brukt. Det er eit godt høve til å få fram nye tips og råd. Eit besøk er rettleiing, ikkje ambulanseutrykking. Når andre kjem inn kan dei sjå med nye auge på det korpset jobbar med, og alt er gratis, avsluttar rettleiaren.

 

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Kim Systad

Denne uken kan du se og høre Kim Systad på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering