![]() |
Korpstur

Det største ein kan oppleva som medlem av eit skulekorps er ikkje å spela ein feilfri høg C.
Det er ikkje å få til feiande flott samspel med dei andre, eller å spela solo for ein fullsett sal.
Det er fine ting alt dette, men det største ein kan oppleva som medlem av eit skulekorps er at dirigenten kjem på øving ein
grå tysdagskveld i oktober og fortel at til våren, i mai, så skal vi på tur. Då skal vi på korpstur!
Det var like fantastisk kvar gong å høyra det magiske ordet: Korpstur!
Det var eit ord som umiddelbart vakte stor glede og forventning. Til og med i dag, så mange år etter at eg slutta å skamfara
kornetten, kjenner eg igjen gleda og suget i magen når eg høyrer dette ordet. Korpstur!
Det var jul og 17. mai og namnedag på ein gong. Minst. For på korpsturen kunne alt skje. Då skulle vi reisa ut. Vekk frå bygda.
Verda skulle opna seg.
Etter at den første store jubelen hadde lagt seg, var det om å gjera å finna ut kor vi skulle dra. Var det ein stad vi hadde
høyrt om? Var det til utlandet?
Vi hadde høyrt om korps som reiste til utlandet, men visste ikkje om dette berre var eit rykte. Dei store gutane i korpset
hevda det fanst dei som reiste heilt til utlandet. Dei fortalde levande om korpset frå Voss som hadde vore i Russland, og
som smugla med seg 17 flasker vodka i stortromma då dei kom heim att.
Men vi kom oss aldri til utlandet. Det blei helst Vestlandet eller Austlandet. Men det var meir enn langt nok. Vi rakk i alle
fall å bli bilsjuke. For etter å ha venta og gleda oss heile vinteren, kom endeleg den store dagen då vi skulle stiga ombord
i bussen og reisa. Og det gjorde vi fullasta med brus, sitrondrops og potetskruer.
Det var viktig å få seg ein god plass i bussen. Dei heldigaste sat lengst bak. Dei mindre heldige lenger framme. Og dei direkte
uheldige sat fremst, saman med mor eller far. For det måtte vera med vaksne for å passa på, sjølv om vi ikkje kunne forstå
kvifor det var nødvendig.
Vel framme var det å stima inn der vi skulle bu. Som regel stod det ein gymnastikksal og venta. Fekk ein liggeplass ved ribbeveggen,
kunne ein bruke den til å henga opp uniformsjakka og den nypressa buksa.
Så var stemnet endeleg i gang. Det kunne vera litt stress. Det var eit stadig mas om å møta opp på bestemte stadar til bestemte
tider. Det var alltid nokon som kom for seint, alltid nokon som hadde gløymt instrumentet eller uniforma og alltid nokon som
hadde fått munnsår. Likevel klarte dei vaksne å samla oss, slik at vi fekk spelt og marsjert. Innsatsen gjorde kanskje ikkje
så sterkt inntrykk på folket som høyrde på, men vi gjorde vårt beste og gleda oss til å få fri.
Då var det rett ut til dei andre korpsa. Dei eldste gutane smugrøykte. Nokre drakk lettøl, men dei fleste åt berre alt for
mykje snop. Og så forelska vi oss i jentene frå andre korps. Så stod vi der og tøffa oss og drøymte om vårt første kyss. Men
det kom ikkje på denne korpsturen heller. For sjølv om vi var oppe til langt på natt og prøvde å besøka jentene som låg i
eit klasserom rett attmed, hadde dei alltid sinte foreldre med seg som jaga oss til sengs.
Så då søndagen kom stod vi der trøyttare og meir ukyssa enn nokon gong. Vi skulle sove i bussen på veg heim att. Det blei
ikkje premie på oss i år heller, men vi fekk i alle fall medalje som vi kunne henga på jakka. Og vi fekk i alle fall turen.
Og vi hadde ete mykje lapskaus.
Men før vi kunne reisa heim var det tid for det musikalske høgdepunktet: Fellesnummeret.
Definisjonen på Fellesnummer er vel; å ta seg vatn over hovudet.
Som det ligg i namnet, skulle alle korpsa spela samtidig. Tusen stykk skulle begynna på likt, blåsa den same melodien, sjå
på den same dirigenten og halda det same tempoet. Det gjekk sjølvsagt ikkje. Vi byrja vel ganske på likt. Men slutta aldri
like likt. Kvantiteten var viktigare enn kvaliteten. Og om ikkje det var så fint å høyra på, var det fint å sjå på alle dei
fargerike uniformene samla på ein svær nedtrakka grasvoll.
Så steig vi ombord i bussen og reiste heim att. Vinka til jentene og gleda oss til neste korpstur og vårt første kyss.
Finn











