![]() |
Krafttak for korps i 2014

President Per Kvistad Uddu og generalsekretær Anita Finnebråten er veldig godt fornøgde etter møtet på Stortinget i dag.
Foto: Linda Eide/NMF
- I møte med opposisjonspolitikarar løfta vi fram nedgangen i overføringar til frifond, vaksenopplæringsmidlar (VO) og instrumentfondet, medan kulturbudsjettet elles aukar, seier Per Kvistad Uddu.
Både Øyvind Håbrekke (Krf), Geir Arne Servan (Krf) og Arild Stokkan-Grande (Ap) i kulturkommiteen er positive til å gjere eit framstøyt for korpsa i samarbeid med Norges Musikkorps Forbund.
- I fellesskap kom NMF og politikarane fram til at 2014 er eit rett år å ta eit krafttak for korps, fortel Uddu etter møtet.
Møte med politikarane kom i stand etter ein invitasjon frå Øyvind Håbrekke (Krf). Han er talsmann for opposisjonspartia.
Politikarane lurte på kor store utgifter korps har til instrument, notar og dirigentar.
-Dette skal vi finne ut av og lage ei oversikt over, slik at dei får nøyaktig fakta på kva dette kostar korpsa, seier Uddu.
I eit eige møte med Arild Stokkstad-Grande (Ap) tok NMF opp moms, integrering og kulturskular. Stokkstad-Grande har sjølv brei erfaring frå korsprørsla. Uddu meiner det er viktige korpssaker dei tek opp med politikarane som styrer pengesekken.
- Dette dreier seg om store summar, så vi må gå gjennom finanskommiteen med desse spørsmåla, seier Uddu. Men vi ber om ei høyring i kulturkommiteen den 14. februar. Då skal ei stortingsmelding om kultur og inkludering leggast fram, avsluttar Uddu.












