Kronprinsen kjøpte nytt munnstykke

I audiens hos H.K.H. Kronprins Haakon Magnus fekk presidenten og konstituert generalsekretær i NMF vite at kronprinsen har kjøpt nytt munnstykke til prinsesse Ingrid Alexandra sin saksofon.

Foto: Jan Haug, det Kongelige Hoff

Norges Musikkorps Forbund har tidlegare kjøpt ein altsaksofon til prinsesse Ingrid Alexandra. No er ho blitt så stor at ho kan begynne å spele på den. Kronprinsen har difor vore på handel og kjøpt eit munnstykke til dottera.

Sist NMF og president Per Kvistad Uddu var i audiens på Slottet, var det storebror Marius Borg Høiby som spelte litt på instrumentet.

Blir invitert til NM i Stavanger

I går møtte presidenten og konstituert generalsekretær Anita Finnebråten kronprinsen på Slottet. Målet var å invitere han til NM-arrangement i NMF-regi.

- Då passa det best med tidspunktet for NM skulekorps i Stavanger i juni i år. Men vi skal sende ein formell invitasjon til han, seier Uddu.

Video

Kronprinsen er den høge beskyttar av NMF. Samtalen med kronprinsen var eit veldig godt møte, nyttig og ein samtale som viser oss at han er engasjert i det som vi held på med i organisasjonen, fortel Uddu. - Vi tok opp ulike spørsmål med han. Blant anna spurde vi om han kunne tale inn ein video som NMF kan vise på dei ulike arrangementa sine. Dette vil han drøfte internt før han eventuelt seier ja.

Truse i gåve

Norges Musikkorps Forbund hadde med gåver til kronprinsen, ein CD, ei bok, NM-skjorte og ei truse.

- Då han fekk trusa lurte han på om det var Sputnik-truse, og flirte, ler Uddu. Saman med konstituerte generalsekretær Anita Finnebråten opplevde han ei gemytteleg steming i møtet. 

Instrument til prins Sverre

Enno er prins Sverre Magnus litt liten, men kronprinsen fekk vite at NMF er klare å gje han det instrumentet han ønskjer å lære å spele på, når tida er inne.

Sjølv spelar ikkje Kronprins Haakon Magnus noko blåseinstrument, men han har prøvd seg litt på gitar, avsluttar presient Uddu.

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Kim Systad

Denne uken kan du se og høre Kim Systad på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering