![]() |
Kulturdirektør dobbelt meister
Kommunaldirektør for kultur i Bergen vart dobbelt meister under NM janitsjar i Trondheim sist helg. Han spelte både for Sandvikens Ungdomskorps og Dragefjellets Musikklag.
-Det er lenge sidan eg har jobba så hardt, men det var ei gøyal og hektisk helg. Det seier kommunaldirektøren for kultur i Bergen Bjørn Holmvik nokre dagar etter sjølve NM-konkurransen i Trondheim er ferdig. Og resultatet for direktøren er heile to medaljar.
Gull og sølv
Det er vel få kontrabassistar som kan skilte med å ha fått både kongepokal og ein sølvmedalje og i tillegg vere kommunaldirektør for kultur i heimbyen til begge korpsa.
Avtale
Grunnen er ein avtale som vart inngått for lenge sidan. Holmvik avtalte med Nils Yngve Brudvik, leiaren i Sandviken om å vere med å spele. -Det var det som gjorde at eg kasta meg uti det, seier Holmvik.
Begge interessert
-Då Dragefjellets Musikkorps høyrde at eg skulle spele for Sandvikens Ungdomskorps, fekk eg telefon frå dei med spørsmål om eg ville vere med å spele for dei og, ler Holmvik. Og han kunne ikkje anna enn å ta utfordringa.
Spelte på sitt beste
-Å spele saman med musikantane i Sandvikens Ungdomskorps var gøyalt, seier Holmvik. Symfonien sat betre enn på nokon av prøvene og framføringa vår var samstemt. Alt fall på plass for korpset og solistane slo til for fullt akkurat under konkurransen.
-Då kjende eg at denne kjem vi til å nå langt med.
Stor overrasking
Sandvikens Ungdomskorps hadde ikkje forventningar om å nå heilt til topps. Derfor vart overraskinga og gleda desto større då dei vart oppropt som vinnar, eit halvt poeng føre sambygdingen "Dragen".
Favoritt
Dragefjellets Musikklag gjorde også ei god framføring. Ambisjonane deira er høge, og var nok ein av favorittane til kongepokalen. Holmvik gjorde sitt beste også der.
-Eg gjekk meg vill med kontrabassen i Olavshallen, men vart "calla" på, fann fram og synst det var kjempegøy å vere med der også, seier kommunaldirektøren for kultur i Bergen.












