![]() |
Kulturskuletilbodet blir som før
Byrådet i Oslo har funne pengar i systemet og kuttar likevel ikkje i tilbodet til korps, kor og orkester. 570 born og unge misser dermed ikkje plassane sine i Oslo musikk- og kulturskole neste år.
- Dette er ei skikkeleg gladmelding og ein god start på året for alle som fekk den triste beskjeden før jul. Det seier dagleg leiar i Oslo Musikkråd Elin Moe Melgalvis til musikkorps.no.
Frykta 4 millionar kutt
Før jul vedtok politikarane i Oslo bystyre å kutte fire millionar kroner i tilskot til musikk- og kulturskulen i 2012. Det ville gått hardt utover born og unge og tilbodet i kulturskulane. Frykta var at rundt 30 lærarar ville fått redusert stillingane sine. Mange korps i Oslo ville blitt hardt råka.
Byrådet snur
Men no har altså ting endra seg. Byrådsavdelinga i Oslo har vore i møte med utdanningsetaten og funne ei løysing på situasjonen. Byråd for kultur og utdanning i Oslo, Torger Ødegaard (H) ønskjer at musikkskulane skal oppretthalde same aktivitet i 2012 som i 2011.
![]() |
- Som øverste ansvarleg har eg bestemt at aktiviteten skal vere på samme nivå i 2012 som i 2011, og då blir det sånn, seier Ødegaard. Og han legg til at avgjerda ikkje vil gå utover andre instansar. Ødegaard vil ikkje gå nærare inn på kvar dei hentar pengane ifrå.
Stadige prosessar
- Dette er ein prosess med stadige møter og diskusjonar, og no har vi funne ei løysing, seier han.
Mange engasjerte
Hans Ole Rian sette igang ein underskriftskampanje på vegne av Musikernes Fellesorganisasjon, MFO avdeling Oslo, Akershus og Østfold. Fleire enn 1.500 har skrive under på "Vi som er imot nedskjeringar i kulturskulen i Oslo".
Meir og betre samarbeid
- Gladmeldinga til alle som har uroa seg, vil forhåpentlegvis vere ein god start for eit endå betre samarbeid mellom kulturskule, kor, korps og orkester, seier Elin Moe Melgalvis i Oslo Musikkråd.













