![]() |
Laga konsert og vann Synlighetspris

Eikelandsosen skulemusikklag har vunne Synlighetsprisen for 4. kvartal 2011. Dei er dermed 10.000 kroner rikare.
Foto: Fredrik Thorsen
- Har vi vunne? Det var tøft!
Slik uttrykte eit av medlemmene i Eikelandsosen skulemusikklag seg etter han fekk vite at korpset vann Synlighetsprisen på 10.000 kroner. Ein annan lurte på om han fekk ta i mot prisen...
- Dette var stor stas og veldig kjekt for medlemmene i Eikelandsosen skulemusikklag. Det seier kontaktperson for korpset Tove Hjartnes Fosså. Ho skryt over den musikalske innsatsen til skulemusikken, særleg denne helga.
Knallhard innsats og disiplin
- Det er ein fantastisk prestasjon dei har gjennomført. Ungdommar i alderen 10-16 år har øvd inn heile 9 nye musikkstykke med god hjelp frå dei vaksen, frå fredag til søndag før den store konsertframføringa søndag. Vi la opp til eit samarbeidsseminar for å hjelpe dei nye i skulemusikken i gang ved å bruke dei vaksne til peikarar. Det krev knallhard innsats og disiplin, seier Tove. Ho skryt vidare og seier det er talentfulle og dyktige ungdommar dei har med seg.
- Det er ei fryd å vere på lag med dei, seier ho.
Synlighetspris av Drømmekonsert
Norges Musikkorps Forbund og Norsk Tipping deler ut pengar til korps som arrangerer ein konsert, såkalla Drømmekonsert i lokalmiljøet saman med andre kulturaktørar.
Korps som får tildelt slik støtte til Drømmekonserten, har også sjanse å vinne Synlighetsprisen. Kvart kvartal plukkar NMF og Norsk Tipping ut eit korps som har oppnådd mykje merksemd rundt Drømmekonserten. Denne gongen vart det Eikelandsossen skulemusikklag i Fusa kommune i Hordaland.
Mangfaldig konsert
Tove Hjartnes Fosså fortel at dei valde å sette opp konsert saman med vaksenkorpset, Eikelandfjorden musikklag, mannskoret Nilsingers og Bjørnefjorden jazzensemble. Med god hjelp frå tubaist og mentor Eirik Gjerdevik samla dei om lag 100 publikumarar til konseten. (Han har tidlegare spelt i Eikefjorden Musikklag og er oppvaksen i kommunen) Arrangøren er fornøgde med oppmøte i ei lita bygd med knappe 500 innbyggjarar
- Ja, vi samla full sal og det var kjekt, seier Tove.
Trudde ikkje på pris
Både i før og etter konserten har dei fått merksemd rundt konserten, både i lokalavisa og på eigne nettsider. Men korpset hadde ikkje rekna med å få pris.
- Eigentleg ikkje, nei. Vi visste om den, seier Tove, som har sett på dei andre som har vunne og tenkt at dei ikkje ville klare det same. Skulekorpset tel 24 musikantar i dag og dei gav alt.
Stort engasjement
- Dei var godt slitne etter konserthelga, det er klart. Men om det ikkje alltid blir det beste resultatet kvalitetsmessig, er engasjementet stort og alle er veldig glad i Eirik-tubaisten «vår», seier korpskontakten.
Korleis vil de markere prisen?
- Det har vi ikkje tenkt på enno, men vi skal ha ein stor konsert 18.februar, kanskje vi må gjere noko då, seier Tove.












