![]() |
Landslagssjefen speidar etter talent

Ole Edvard Antonsen var på NM janitsjar i Trondheim og høyrde, såg og lytta. Han speida etter talentfull ungdom som kan vere potensielle musikarar til Norsk Blåseorkester (NBO).
I juli reiser Norsk Blåseorkester til Taiwan for å delta på Wasbe-konferansen. Dette er musikkens svar på Champions Leage i fotball. Rundt 60 unge talentfulle musikarar er med i det nasjonale blåseensemble.
Norsk Blåseorkester
Og det er nettopp eit landslag for blåsarar Ole Edvard Antonsen ønskjer å få til med det årsgamle orkesteret. Parallellen til fotball-landslaget er god. Fotballspelarane blir handplukka til laget, og det same vil Antonsen gjere med unge talentfulle musikarar.
Unge musikarar
-Tidlegare hadde vi Norges Nasjonale Ungdomskorps. Det er no kutta ut og NBO er eit nytt type ensemble fundamentert på den gamle lesten. Aldersgruppa er frå 18-25 år, studentar og frilansarar som ønskjer å spele i eit eliteensemble. I enkelte tilfelle kan han likevel oppdage talent som er under 18 år som kanskje får prøve seg.
Still strenge krav
-Abisjonsnivået må vere høgt. Det betyr mykje å få vere med å musisere med ungdom frå heile landet. Men det må stillast strenge krav. I mange sammenhegar blir det stilt for lite krav til ungdommen, mens mi erfaring er at dei ønskjer nettopp å ha noko å strekke seg etter, seier Antonsen.
Elitekorps
-Ambisjonen min er at dette korpset skal vere så bra at alle har lyst å vere med. Vi må satse på dei gode og gjere dei betre, seier Antonsen. Då kan breidda i korpsa ha noko å strekke seg etter.
-Dette må korpsnorge bli gode på, seier han som har vore på talentjakt i Trondheim i helga.












