![]() |
Lavkarbokur eller korpsbyggar?

Midt i codaen for ein pågåande lavkarboperiode fekk heldige vesle meg delta på eit møte om det nye satsingsområdet til NMF – korpsbygging.
Eg vart forundra når innbydinga kom; « Kva i all verda har eg gjort no da?». Eg møtte opp saman med eit 20 tal svært kompetente folk på korpsdrift. Folk med forskjellig erfaring i dette utfordrande tema.
Som på dei fleste møter og konferansar so er det augneblinkar der konsentrasjonsnivået fell, og interessa for tema er «out of focus». I slike høve so har eg uvanen med å drive med ordspel og/eller stokkar om på bokstavane i ord (hadde eg gjort noko tilsvararande i ein konsertsituasjon, also bevist stokka om på notane og rekkefølga på dei, so ville ein tolerant dirigent kanskje kalla det: (contemporær improvisasjon).
I dette høve so ligg ei slik stokking opp i dagen: KROPSBYGGING.
Eg tok meg sjølv i å samanlikne argumenta til dei hine møtedeltakarane med, akkurat ja: korleis dei var bygde, eller graden av korp(s)ulentskap. Kvar gong eg tok meg sjølv i å «vere stygg» såg eg på meg sjølv og landskapet rundt eigen navle. Kritiske tankar om andre la seg fort. No skal det seiast at vitenskapen med å studere eigen navle heller ikkje er særleg vidsynt.
Men, sidan eg har lete meg inspirera av Lavkarbobølgja, so er no tankane i full fart inn i å tenkja: Er det ein korpsleg lavkarbokur vi treng kanskje? Ein kur som først slankar organisasjonen (organismen), aukar energinivået, smør opp ledd og muskulatur, rensar blodbaner, stabiliserer fordøyinga og gir deg mjukare og meir fleksibel hud?
I so tilfelle, kva er det i vår organisasjon som er karbohydrata? Kva er det som er brødskiva, poteta, sukkeret og pastaen i vår korpskvardag?
Når vi har funne svaret på det so vert spørsmålet: Er vi villige til å gi slipp på det?
Da må vi kanskje endre livsstil og «matvanar»!
Eg har avgitt 8 kilo til karboguden sidan 1.mai, og må kjøpe meg nytt belte sidan dei gamle no ikkje har fleire hol. Men betre på korpsdrift? Tja.
Ha ein fin sommar med god klesturke alle saman, og takk for attendemeldingar på bloggen min.












